Nav har utvikla ein indikator som måler kor godt ein lykkast med å få folk i arbeid. Målingane tek høgde for at jobbsøkarar har ulike føresetnader på arbeidsmarknaden.
Kvar dag jobbar Nav-tilsette med å finne gode matchar mellom arbeidssøkarar og arbeidsgivarar. Men kor stor rolle speler denne innsatsen for at folk faktisk kjem i arbeid? Den nye arbeidsindikatoren talfestar bidraget til Nav, slik at Nav-kontora kan lære av kvarande og utvikle tenestene til innbyggarane.
– Den nye indikatoren vil gi oss mykje meir innsikt enn tidlegare i korleis vi lykkast med oppdraget. Vi skal bruke denne innsikta til å lære og forbetre oss, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Samanliknar forventning med faktisk resultat
Den nye arbeidsindikatoren er basert på personar som får arbeidsretta oppfølging frå Nav, og korleis det går med dei etter tre og tolv månader. Både kjenneteikn ved personane og situasjonen i den lokale arbeidsmarknaden er med i reknestykket.
Ein modell reknar ut kor stor andel ein forventar vil kome i arbeid, og samanliknar dette med det faktiske resultatet. Differansen gir oss den nye indikatoren som viser om innsatsen til Nav har medverka til å få fleire ut i jobb enn ein statistisk sett kan forvente.
Les meir om arbeidsindikatoren: Spørsmål og svar om arbeidsindikatoren
Litt under forventa resultat
I september 2024 fekk litt over 29 000 personar i Vestland fylke arbeidsretta oppfølging av Nav. Tre månader seinare var 19,4 prosent av dei i jobb. Det er 0,8 prosentpoeng færre enn den statistiske forventninga.
– Det hadde sjølvsagt vore kjekt å sjå eit høgare tal, men først og fremst er eg glad for at vi har fått eit verktøy å måle oss mot. No vil vi sjå nærare på kva som ligg bak resultata og korleis vi kan bruke dei i utviklingsarbeid framover, seier Hysing-Olsen.
Han understrekar at ein må tolke indikatoren med varsemd. Det gjeld særleg tal for små Nav-kontor.
– Ein modell kan aldri ta høgde for alle faktorane som påverkar om ein person kjem i jobb. Men ved å følgje utviklinga over tid og sjå til dei kontora som lykkast godt med til dømes ungdom eller flyktningar, har vi eit godt utgangspunkt, seier Hysing-Olsen.
Sjå fleire tal frå arbeidsindikatoren.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09