Pressemelding

Låg arbeidsløyse – håpar på ny sommarjobb-rekord

I mars er 6 348 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,2 prosent.

– Vi ventar ikkje endring i arbeidsløysa på kort sikt, trass i internasjonal uro og signal frå Noregs bank om renteauke. Når bedrifter opplever usikkerheit merkar vi det gjerne på utlyste stillingar og nye byggeprosjekt. Det blir viktig å følgje med på desse tala framover, spesielt i næringar som bygg og anlegg. I mars var stillingstala positive med over 7 000 utlyste jobbar, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.

For fire år sidan kom den første gruppa av ukrainske flyktningar til Vestland. Rundt 50 prosent av dei som kom i 2022, er no i arbeid. Talet har lege stabilt det siste året.

Sommarjobb kan gi framtidig arbeidskraft

Av 7 043 utlyste stillingar i mars er det flest innan helse, pleie og omsorg (1 355) og reiseliv og transport (850). Over 1 000 av stillingane er sommarjobbar, om lag like mange som i rekordåret 2025. I helsesektoren er kvar fjerde utlyste stilling ein feriejobb.

– No er det «løp og kjøp» som gjeld, både for unge som ønsker sommarjobb og arbeidsgivarar som vil sikre seg arbeidskraft. Ein lærerik og kjekk feriejobb kan vere nøkkelen til at ein ungdom tek utdanning i den aktuelle bransjen og slår seg ned i kommunen, seier Hysing-Olsen.

Gjennom kampanjen «Sommarjobb i vest» ønsker Nav, NHO, LO og Vestland fylkeskommune å få endå fleire bedrifter og kommunar til å tilsette unge denne sommaren. På arbeidsplassen.no finst eit eige filter for sommarjobbar.

Ledigheitstal for kommunane

Modalen kommune har høgast arbeidsløyse i Vestland  med 4,1 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Aurland med 3,7 og Eidfjord med 3,4 prosent. Lågast arbeidsløyse finn vi i Solund, Samnanger, Stord, Sveio, Gulen og Tysnes, som alle har under 1 prosent heilt ledige.

Finn tal for alle kommunane under «Relatert innhald» på denne sida.

Arbeidsmarknaden i Vestland, mars 2026

Heilt ledige, Vestland

6 348
1,8 % av arbeidsstyrken

Heilt ledige, Bergen

3 270
2,0 % av arbeidsstyrken

Langtidsledige, meir enn seks månader2 923
Ledige under 30 år1 614
Permitterte, heilt eller delvis919
Ledige stillingar7 043

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09