Ved utgangen av juni er 5 485 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Det utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken.
Det er framleis fleire ledige stillingar enn jobbsøkarar. Det samsvarer godt med funna i den årlege bedriftsundersøkinga, som visar at Vestland manglar over 6.000 tilsette.
Aller flest ledige stillingar har helse- og omsorgssektoren med 1.304 utlysingar i juni. Innanfor bygg og anlegg er det 730 ledige stillingar.
Så langt i år har det vore utlyst om lag 5.000 sommarjobbar i Vestland.
Fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen, trur sommarjobb kan vere noko av løysinga for å behalde arbeidskrafta i fylket.
– Vestland er det fylket som har størst mangel på arbeidskraft. Ein sommarjobb gir ungdom nettverk og tilknyting til Vestland, noko som aukar sjansen for at dei blir og bidrar med viktig kompetanse seinare, seier Hysing-Olsen.
Mange jobbar for dei under 18 år
I januar utfordra Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og Nav Vestland kommunane til ein konkurranse: Kven klarer å tilby flest sommarjobbar til ungdommane sine?
Ei fersk kartlegging gjort av Vestland fylkeskommune, viser at mange kommunar har teke utfordringa. Blant dei 33 kommunane som har svart på undersøkinga, er det registrert til saman 754 sommarjobbar for ungdom under 18 år.
Sunnfjord (80), Voss (83), Ullensvang (72) og Bergen (70) er blant kommunane med rekordmange jobbar øyremerkte unge under 18 år.
– Det er kjekt å sjå at kommunane har svart på oppmodinga. Mange kommunar kjenner utfordringane med mangel på arbeidskraft, og då er det bra å sjå at dei er villige til å gjere noko med det, seier Hysing-Olsen.
Sju kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse
Modalen kommune har høgast arbeidsløyse i Vestland med 2,1 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Kinn og Øygarden med 2,0 prosent. Sju kommunar i Vestland har under 1 prosent heilt ledige. Aller lågast er arbeidsløysa i Hyllestad og Gulen.
Gjennomsnittet for landet er på 1,9 prosent.
Under "Relatert innhald" finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, juni 2026
Heilt ledige, Vestland | 5 485 1,6 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 004 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 840 |
Ledige under 30 år | 1 331 |
Permitterte, heilt eller delvis | 504 |
Ledige stillingar | 6 015 |