Periodisk ettersyn og uhell
Periodisk ettersyn av hjelpemiddel
Periodisk ettersyn skal redusere risikoen for uhell og skadar med hjelpemiddel som vert definerte som elektromedisinsk utstyr.
Elektriske rullestolar, elektriske senger, stasjonære og mobile personløftarar, sjaktheisar, trappeheisar og løfteplattformar er hjelpemiddel som vert definerte som elektromedisinsk ustyr.
NAV Hjelpemiddelsentral har ansvar for periodisk ettersyn av elektromedisinsk utstyr. Målet er å redusere risikoen for uhell og skadar, slik at hjelpemidla er sikre i drift. Når det vert avdekka feil under ettersynet, skal teknikaren som har ansvar for kontrollen, eller dei tilsette ved teknisk ordrekontor, sikre at det vert gjort nødvendig vedlikehald av hjelpemiddelet.
NAV Hjelpemidler og tilrettelegging gjer risikovurderingar som avgjer kva intervall ulike hjelpemiddel har for periodiske ettersyn. NAV Hjelpemiddelsentral organiserer og utfører ettersynet.
Brukaren vert kontakta av kommunen eller NAV Hjelpemiddelsentral når det nærmar seg periodisk ettersyn av eit hjelpemiddel.
Når det skjer uhell med tekniske hjelpemiddel
Iblant skjer det uhell med tekniske hjelpemiddel. Vi definerer hendingar utan personskade som uhell, og hendingar med personskade som ulykke.
Når det skjer uhell eller ulykke kan hjelpemiddelsentralen
- hente ut informasjon om kven det tilhøyrer og kven som er kontaktperson i kommunen
- hjelpe politi og redningsteam med kontroll av hjelpemiddelet for tekniske feil
- frakte hjelpemiddelet til hjelpemiddelsentralen for teknisk gjennomgang
- vere samtalepart for brukaren eller dei pårørande
Meld frå om uhell eller ulykke
Når det skjer uhell eller ulykke med tekniske hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, må det snarast meldast til hjelpemiddelsentralen.
Skjer det ei ulykke med med alvorleg personskade eller død, pliktar NAV Hjelpemiddelsentral å rapportere til Helsedirektoratet snarast råd og innan 12 timar. Deretter skal det sendast detaljert rapport innan rimeleg tid.
Viss hjelpemiddelet er kjøpt privat, er det kommunen som skal rapportere til Helsedirektoratet.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland har eigne sider om uhell med hjelpemiddel.