Kompetanseutvikling og samhandling mellom NAV Hjelpemiddelsentral og kommunane
Informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentral
NAV sine nettsider er hovudkanal for informasjon til brukarar og samarbeidspartnarar. På nettsidene skal brukarar og samarbeidspartnarar til kvar tid finne aktuell og oppdatert informasjon som gjeld for hjelpemiddelområdet, saman med informasjon om system, produktutval, tekniske løysingar, endringar i regelverk og rutinar, driftsendringar, avvikande opningstider og liknande.
Hjelpemiddelsentralen i Bergen sender også ut nyheitsbrev. Brevet vert sendt ut om lag ein gong i månaden og inneheld informasjon om regelverk og rutinar, opningstider, kurs og liknande. For å få nyheitsbrevet må ein teikne seg som abonnent.
Kurs og opplæring
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen tilbyr kurs og opplæring på områder der kommunen treng kompetanse. Kurs vert publiserte i kurskalenderen på nav.no.
Tilsette som jobbar med hjelpemiddel i kommunane vert særleg oppmoda om å gjennomføre grunnkurs og vidaregåande kurs for teknisk personell, som NAV Hjelpemiddelsentral arrangerer fleire gonger årleg.
Hjelpemiddelsentralen oppmodar også tilsette i kommunen om å ta kurs i montering, demontering og flytting av lydutjamningsanlegg.
Kommunen finn òg relevante nettkurs på Kunnskapsbanken.net. Før grunnkurs og vidaregåande kurs for teknisk personell, må deltakarane ta desse e-læringskursa som ligg på Kunnskapsbanken:
- Teknikk og hjelpemidler
- Godkjenningskurs seng
- Elektromedisinsk utstyr
- Teknikk: Elektrisk rullestol
Godkjenningsordning for elektromedisinsk utstyr
For å kunne søkje om og gje opplæring i elektromedisinsk utstyr, må den som skal formidle hjelpemiddelet vere godkjent formidlar og opplæringsansvarleg for hjelpemiddelet. Dette gjeld elektrisk rullestol, takmontert personløftar, mobil personløftar og elektrisk seng. Søknader frå terapeutar eller andre som ikkje er godkjende, vert returnerte.
For å få godkjenning må ein gjennomføre nettbasert opplæring og test på Kunnskapsbanken.net. For elektriske rullestolar må ein i tillegg delta på praktisk kurs i regi av NAV Hjelpemiddelsentral.
Hjelpemiddel som er omfatta av ordninga skal ikkje nyttast før brukaren har fått opplæring i sikker bruk av hjelpemiddelet. Brukaren er i denne samanheng alle som skal betene hjelpemiddelet, både brukaren sjølv og eventuelt følgje, assistent, personale i bustad etc. Berre personar som er godkjende som formidlarar og opplæringsansvarlege kan gje opplæringa.
Det er utarbeidd opplæringsskjema og skjemarettleiing for elektrisk rullestol, seng og personløftar, som kan nyttast i sjølve brukaropplæringa. Dokumenta skal vere til støtte for kommunal formidlar i opplæringa av brukaren, og gje relevant opplæring og dokumentasjon for kommunen sin internkontroll.
Hospitering på verkstad
Kommunale teknikarar kan avtale å hospitere på verkstaden til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen. Dato og tema for hospiteringa avtalast individuelt.
Teknikarar som vil hospitere må ha gjennomført grunnkurs for teknisk personell frå hjelpemiddelsentralen, ha noko erfaring frå reparasjon av hjelpemiddel og eit konkret mål for opplæringa.
Fjernstøtte for kommunale teknikarar
Kommunale teknikarar kan nytte et eige telefonnummer for å kontakte teknikarar med særleg kompetanse ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen. Teknikarar kan kontakte teknisk ordrekontor for å få telefonnummeret.
Telefonnummeret skal berre nyttast til fjernstøtte frå teknikarar med særleg kompetanse. Alle andre førespurnader skal rettast via ordinære kanalar. Telefonnummeret skal ikkje delast med andre.
Teknikarar som til dømes er heime hos ein brukar og treng bistand med feilsøking og reparasjon av hjelpemiddel, vert oppmoda om å ta kontakt. Teknikarar ved NAV hjelpemiddelsentral kan gje fjernstøtte via både telefon- og videosamtale.
Digital samhandling
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen nyttar mellom anna Microsoft Teams som kanal for dialog og samhandling med kontaktpersonar, terapeutar, serviceteknikarar og andre samarbeidspartar i kommunane.
Det er oppretta eit samhandlingsteam i Microsoft Teams, der hjelpemiddelsentralen deler relevant informasjon og svarer på spørsmål frå medlemmene i teamet. Informasjon, spørsmål og svar er tilgjengeleg for alle som har tilgang til samhandlingsteamet.
Nye medlemar får tilbod om opplæring i bruk av samhandlingsteamet.