Montering, tilpassing og byte av hjelpemiddel
Samarbeid om montering og demontering
Tekniske tenester som reparasjon, service, montering og tilpassing, skal som hovudregel utførast av kommunen. Når tenestene krev spesifikk fagleg kompetanse som det ikkje er forventa at kommunen har, skal NAV Hjelpemiddelsentral utføre dei.
Kommunen skal gjennomføre ei teknisk vurdering, og i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral avgjere korleis kvar einskild sak kan løysast mest mogleg effektivt.
Døme på montering/demontering kommunen vanlegvis kan utføre sjølv er
- toalettforhøgarar
- sikkerheitsbrytar til komfyr
- anlegg for høyrselshemma (Flexiblink, Sennheiser, lydsystem og likande)
- montering av bord
Døme på montering/demontering som ofte vert utført av NAV Hjelpemiddelsentral er
- seteheis og løfteplattform
- køyrerampe
- hjelpemiddel for omgjevnadkontroll
- bad-, kjøken og bustadhjelpemiddel som krev handverkskompetanse
- dørautomatikk
Istandsetting etter demontering
NAV dekkjer demontering av lånt utstyr når det ikkje lenger er behov for utstyret. Ved demontering av trappeheisar, takløftarar og liknande, skal hol i veggar og tak, på golv og i trapper tettast. NAV dekkjer tetting av hol og flikking av sår i området som har fått skadar. NAV dekkjer ikkje oppussing eller utbetringar utover området som har fått skadar.
Tilbakemontering av nødvendig ordinært utstyr i bustaden, vert dekka av NAV. Det er ein føresetnad at brukaren eller eigaren tek vare på det ordinære utstyret som skal settast på plass etter demontering av hjelpemiddel. Dette kan vere trappar, gelender, bitar av vegg-til-vegg-tepper, lister, låsekassar i dører, toalett, vask eller liknande.
Tilpassing av hjelpemiddel
Tilpassing skal som hovudregel gjerast av kommunen. Hjelpemiddelsentralen skal gjere tilpassinga viss den krev kompetanse det ikkje er forventa at kommunen skal ha.
Enkelte hjelpemiddel må spesialtilpassast. Spesialtilpassing vert ofte gjort av produsenten/leverandøren av hjelpemiddelet, som også utarbeider risikovurdering og brukarrettleiing for produktet.
Byte av hjelpemiddel
NAV Hjelpemiddelsentral kan avgjere at hjelpemiddel skal bytast ut. Byte av hjelpemiddel kan til dømes skje når
- hjelpemiddelet har slitasje eller er defekt
- det ikkje svarar seg å reparere hjelpemiddelet
- hjelpemiddelet er tapt eller stole
Hjelpemiddel kan berre erstattast med produkt frå dei gjeldande rammeavtalene for hjelpemiddelområdet. Dersom produktet ikkje lenger finst i sortimentet, må brukaren søkje om nytt hjelpemiddel.
Hjelpemiddel som ikkje kan bytast
Rutinen for byte av hjelpemiddel gjeld ikkje alle typar hjelpemiddel. Dersom brukaren treng å byte eitt eller fleire av hjelpemidla som er lista opp under, må kommunen hjelpe brukaren med å sende ny søknad om hjelpemiddel:
- aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år
- alle typar briller, også briller som har slitasje eller er øydelagde
- avanserte kognitive hjelpemiddel, til dømes HandiKalender
- bilstolar
- elektriske rullestolar med ståfunksjon
- fastmonterte hjelpemiddel i bustad
- kommunikasjonsbøker
- manuelle rullestolar på delkontrakt 1, 2 og 12 i rammeavtalen
- skalstøyp
- Innowalk til personar over 26 år
- ståstativ til personar over 26 år
- sykkel til personar over 26 år
Brukaren må også søkje om nytt hjelpemiddel dersom behovet for hjelpemiddel har endra seg. Den kommunale terapeuten må vurdere om det er behov for å prøve nye hjelpemiddel, før det vert sendt søknad.
Byte når eit hjelpemiddel er stole
Ved tjuveri av hjelpemiddel, må brukaren melde frå til politiet og til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen. Hjelpemiddelsentralen syter for at brukaren får utlevert eit tilsvarande hjelpemiddel så snart som mogleg etter at skriftleg melding om tap eller tjuveri er motteken.
Skjema for tekniske tenester
Bestilling av delar
Skjemaet for bestilling av delar skal berre nyttast ved utskifting av defekte delar. For tilbehøyr som kjem i tillegg til allereie utleverte hjelpemiddel, må det sendast søknad.
Kontakt delelageret på NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen for å få skjemaet tilsendt.
Utfylt skjema kan ikkje sendast på e-post, av omsyn til personvern. Lever skjemaet på hjelpemiddelsentralen eller send det til hjelpemiddelsentralen som brevpost.
Digital bestilling av delar
For ein del hjelpemiddel er det no mogleg å bestille delar digitalt.
Du kan lese meir om digital bestilling av delar på sentrale sider på nav.no.
Bestilling av reparasjon eller demontering
Skjemaet for bestilling av reparasjon eller demontering skal nyttast når det er behov for
- service og reparasjonar utover det kommunalt personell sjølve skal kunne utføre
- demontering av fastmonterte hjelpemiddel som brukaren ikke lenger har behov for
Kontakt avdeling Teknikk på NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen for å få skjemaet tilsendt.
Utfylt skjema kan ikkje sendast på e-post, av omsyn til personvern. Lever skjemaet på hjelpemiddelsentralen eller send det til hjelpemiddelsentralen som brevpost.
Byte av hjelpemiddel
Skjema for byte av hjelpemiddel ligg på nav.no i menyen Søknad og skjema.
Tilbakelevering av hjelpemiddel
Skjema for tilbakelevering av hjelpemiddel ligg ligg på nav.no i menyen Søknad og skjema.