Brukaren sitt ansvar for hjelpemiddel
Ansvar for eige hjelpemiddel
NAV Hjelpemiddelsentral skal sikre at det følgjer rettleiing med alle hjelpemiddel som vert lånte ut. Kommunen du bur i skal gje deg opplæringa i korleis du nyttar hjelpemidla.
Har du fått eit hjelpemiddel til utlån, har du plikt til å sørge for at hjelpemiddelet vert teke godt vare på og ikkje får unødvendige skadar.
Du har mellom anna ansvar for
- reinhald og nødvendig vedlikehald
- sikker og forsvarleg bruk og oppbevaring av hjelpemiddelet
- å melde frå til kommunen om feil og manglar ved hjelpemiddelet
- tilbakelevering via kommunen når du ikkje treng hjelpemiddelet lenger
Hjelpemiddel med batteri
Mange hjelpemiddel har batteri som må ladast, til dømes elektriske rullestolar og syklar med hjelpemotor. Viss du har eit hjelpemiddel med batteri, har du ansvar for jamleg og riktig lading av batteriet.
Det finst ulike typar batteri og ulike måtar å lade dei på. Mens nokre hjelpemiddel berre treng få timar med lading, kan andre stå på lading over natta. Ulike batteri treng ulik spenning for å lade, så det er viktig å bruke rett ladar til hjelpemidla.
Mange batteri vert øydelagde viss dei står for lenge utan lading. Batteri på hjelpemiddel treng difor regelmessig lading. Når eit hjelpemiddel ikkje er i bruk over ein lengre periode, må batteriet ladast som ein del av vedlikehaldet.
I rettleiinga som følgjer hjelpemiddelet finn du informasjon om korleis du skal lade hjelpemiddelet ditt. Det er særs viktig at du lader hjelpemiddelet slik produsenten tilrår.
Sykkel som hjelpemiddel
Når du får sykkel som hjelpemiddel, har du ansvar for vedlikehald av sykkelen. Ansvaret gjeld mellom anna vedlikehald av dekk, kjede og bremsar. Dersom du ikkje kan vedlikehalde sykkelen sjølv, og kommunen ikkje kan hjelpe deg med vedlikehaldet, må sykkelen leverast til sykkelverkstad. Du må sjølv dekkje utgiftene til reservedelar og verkstadarbeid.
Dersom du har sykkel med hjelpemotor, og du oppdagar elektrisk feil på sykkelen, må du varsle kommunen. Syklar med elektriske feil må leverast inn til reparasjon, via kommunen.
Syklar som er innvilga gjennom ordninga med aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år (AKT26), er leverte på ei rammestyrt ordning. Det betyr at NAV dekkjer eventuelle reparasjonar av syklane så lenge det er midlar igjen på budsjettet. Når midla i den økonomiske ramma for kalenderåret er brukte opp, kan ikkje reparasjonar dekkjast resten av året.