Servicerettleiar
Servicerettleiaren for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen beskriv roller, ansvar og oppgåver i hjelpemiddelformidlinga.
For å klargjere ansvar, rutinar og tidsfristar for reparasjonar og tekniske tenester på hjelpemiddel som er utleverte frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, har vi utarbeidd denne servicerettleiaren.
Rettleiaren inneheld informasjon om
- utlevering og tilbakelevering av hjelpemiddel
- montering, tilpassing og byte
- reparasjon av hjelpemiddel
- periodisk ettersyn og uhell med hjelpemiddel
- kompetanseutvikling og samhandling mellom kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral
- brukaren sitt ansvar for hjelpemiddel
Ansvar og oppgåver i hjelpemiddelformidlinga
Hjelpemiddelsentralane har overordna og koordinerande ansvar for formidling av hjelpemiddel til funksjonshemma. Hjelpemiddelsentralane har rådgjeving- og rettleiingsfunksjon overfor helse- og omsorgstenesta i kommunane og fylkeskommunen på hjelpemiddelområdet.
Kommunen skal sørge for formidling av nødvendige hjelpemiddel til personar som treng dei, og for tilrettelegging av miljøet rundt den enkelte pasient og brukar. Dette ansvaret omfattar alle ledd i formidlingsprosessen: å avdekke og utreie behovet for alle typar hjelpemiddel, utprøving av hjelpemiddel, bistand i søkjeprosessen, tilpassing og enklare montering av hjelpemiddel, opplæring i bruken av hjelpemiddel, service og reparasjon av hjelpemiddel.