Uhell med tekniske hjelpemiddel
Iblant skjer det uhell med tekniske hjelpemiddel. Her er informasjon om NAV Hjelpemiddelsentral si rolle når det skjer uhell, og kva vi kan hjelpe med.
Vi definerer hendingar utan personskade som uhell, og hendingar med personskade som ulykke.
Dette kan vi hjelpe med når det skjer uhell eller ulykke
- Viss hjelpemiddelet er utlånt frå NAV, kan vi hente ut informasjon om kven det tilhøyrer og kven som er kontaktperson i kommunen. Dette kan vi sjå ut frå ein klistrelapp i sølv, som skal vere festa på hjelpemiddelet (sjå illustrasjon).
- Vi kan hjelpe politi og redningsteam med kontroll av hjelpemiddelet for tekniske feil.
- Vi har servicetelefon for akutt behov for hjelp kl. 08.00-24.00 alle dagar, der teknikar kan hjelpe med oppfølging etter uhellet.
- Vi kan frakte hjelpemiddelet til hjelpemiddelsentralen for teknisk gjennomgang, utført av teknikarar med spisskompetanse på hjelpemiddelet.
- Vi kan vere ein samtalepart for brukaren/pårørande ved alvorlege hendingar.
Eksempel på tekniske hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral:
- elektrisk rullestol/scooter med og utan kabin
- seng
- trappeheis med sete eller plattformheis
- løfteplattform utan sjakt
- personløfter (fast/mobil)
- løfte- og kvilestol
Ein meir komplett oversikt over tekniske hjelpemiddel finst på FinnHjelpemiddel.no
Gi beskjed om uhell eller ulykke
Når det skjer uhell eller ulykke med tekniske hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, må det snarast meldast til hjelpemiddelsentralen.
Dersom det skjer eit uhell eller ei ulykke med tekniske hjelpemiddel, med alvorleg personskade eller død, pliktar NAV Hjelpemiddelsentral å rapportere til Helsedirektoratet snarast råd og innan 12 timar. Deretter skal det sendast detaljert rapport innan rimeleg tid.
Viss hjelpemiddelet er kjøpt privat, skal kommunen rapportere direkte til Helsedirektoratet.
Sjå detaljert oversikt over telefontider og kontaktinformasjon under Relatert innhold.
Les meir på Statens legemiddelverk sine nettsider.
Meir informasjon