Brukarmedverknad og brukarutval
Brukarmedverknad på systemnivå skal understøtte det overordna målet i NAV-reforma, som er å etablere ei arbeids- og velferdsforvalting som er tilpassa brukarane sine behov.
Brukarutvala skal arbeide med å identifisere og følgje opp viktige innsatsområde, og bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane.
Brukarutvala skal dekke heile hjelpemiddelområdet og vere diskusjonsforum for viktige overordna sakar. Utvala skal kunne uttale seg i samband med planlegging, gjennomføring og evaluering av dei tenesteområda som styringseininga for NAV Hjelpemidler og tilrettelegging har ansvar for.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland har fleire brukarutval:
Brukarutval for NAV Bilsenter Vest-Norge
Som ei prøveordning er det oppretta brukarutval, knytt til kvart av dei fem bilsentera i NAV. Utvala skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane på bilområdet, gjennom brukarmedverknad på systemnivå.
Brukarutval på tolkeområdet i Vestland
Brukarutvalet er eit samarbeidsforum mellom NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, og brukarorganisasjonane. Utvalet skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane, gjennom brukarmedverknad på systemnivå.
Områdeutvalet
Områdeutvalet er NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen sitt forum for samarbeid med brukarorganisasjonane. Områdeutvalet gjer brukarane høve til å gje råd og innspel og delta i drøftingar, for på den måten bidra til at NAV leverer stadig betre tenester.