Brukarutval for NAV Bilsenter Vest-Norge

Som ei prøveordning er det oppretta brukarutval ved kvart av dei fem bilsentera i NAV. Utvala skal bidra til å kvalitetssikre og utvikle tilbodet til brukarane, gjennom brukarmedverknad på systemnivå.

Det er brukarutvalet for NAV Hjelpemidler og tilrettelegging som har gått inn for ordninga, og brukerorganisasjonane FFO og SAFO sentralt har ansvar for å finne representantar til utvala. Utvala skal ha møte ein gong kvart halvår, og ordninga skal evaluerast.

Medlemmer i brukarutvalet for NAV Bilsenter Vest-Norge:

  • Egil Hope (FFO Hordaland)
  • Einar Georg Johannessen (FFO Hordaland)
  • Astrid Tangerås (SAFO Sørvest)
  • Tore Eugen Hansen (SAFO Sørvest)
  • Irene Johanna Samdal (NAV Hjelpemiddelsentral Vestland/NAV Bilsenter Vest-Norge)

Mandat

Andre brukarutval på bilområdet

Her finn du oversikt over brukerutval ved alle bilsentera.