Områdeutvalet (brukarutval)

Områdeutvalet er NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen sitt forum for samarbeid med brukarorganisasjonane.

Områdeutvalet gjer brukarane høve til å delta i drøftingar og gje råd og innspel for å utvide sentralen sitt grunnlag for avgjersler. På den måten kan organisasjonane bidra til at NAV leverer stadig betre tenester.

Retningslinene for Områdeutvalet er basert på dei sentrale retningslinene for brukarmedverknad i NAV. Brukarmedverknad skal gje brukarrepresentantar høve til å vere blant premissleverandørane ved fastsetting av praksis på systemnivå. Områdeutvalet har ikkje avgjerdsrett.

Områdeutvalet skal:

  • Gje råd i spørsmål som gjeld hjelpemiddelsentralen sine vegval, satsingsområde, prioriteringar, verksemdsplanar og konkrete tiltak retta mot sentralen sitt tilbod til brukarane.
  • Fungere som erfaringsbank og ressursinstans når det gjeld opplevd service.
  • Fungere som rapportør av faktiske og særleg utilsikta verknadar av regelverk og rutinar.
  • Ta initiativ til samarbeids- og informasjonstiltak som brukarane ser behov for.
  • Vere kanal for gjensidig openheit og utveksling av informasjon som er viktig for brukarane.

Medlemmer i utvalet (2019-2021)

  • Albert J. Krüger (Pensjonistforbundet Hordaland)
  • Alise Hanssen (FFO)
  • Egil Hope (FFO)
  • Eli Sjo (FFO)
  • Evy Utne Knutsen (SAFO Sørvest
  • Gert Kroken (FFO)
  • Ingeleiv Haugen (SAFO Sørvest)
  • Silje-Iren Netteland Olsen (avdelingsdirektør, NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen)
  • Sekretær: Kjersti H Ørnhaug (NAV Hjelpemiddelsentral Vestland)

Møteplan 2021:

  • fredag 12. februar
  • fredag 4. juni
  • fredag 22. oktober

Under Relatert innhold ligg møtereferat og retningsliner.