For kommunen og andre samarbeidspartar i Møre og Romsdal
Her finn du lokal informasjon og rutiner for deg som jobbar med hjelpemiddelformidling i Møre og Romsdal.
NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal har overordna og koordinerande ansvar for tekniske hjelpemiddel til personar med nedsatt funksjonsevne i heim, skule, arbeid og fritid. Hjelpemiddelsentralen er eit ressurs og kompetansesenter på andrelinjenivå, og har rådgjevings-og veiledningsfunksjon ovanfor kommunane og andre samarbeidspartar i fylket på hjelpemiddel -og tilretteleggingsområdet. Vi har kompetanse på system, produkt, tekniske løysningar og regelverk.
NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal har også eit felles digitalt team for samhandling med og mellom kommunane i fylket. Dette er oppretta i Microsoft Teams, og vi oppfordar alle som jobbar med hjelpemiddelformidling i fylket til å bli med her. Ta kontakt med oss, så sender vi deg ein invitasjon til Teamet.