Pensjonsopptening for omsorgsarbeid (omsorgsopptening)

Har du små barn, kan du få pensjonsopptening for omsorgsarbeid. Det same gjeld dersom du tek deg av sjuke, eldre eller funksjonshemma personar som har behov for pleie.

Omsorgsopptening er ikkje ei ekstra lønn som du får utbetalt frå folketrygda, men ei ordning som medverkar til at du kan få høgare pensjon når du blir pensjonist. Du må vere medlem i folketrygda i omsorgsperioden for å ha rett til omsorgsopptening.

Ordninga med omsorgsopptening blei innført frå 1992. Du får vanlegvis ikkje omsorgsopptening for år før dette, men det er eit unntak for omsorg for barn.

Omsorg for små barn

Omsorgsopptening skal sikre at du får ei viss opptening i periodar med låg eller inga arbeidsinntekt. Dersom du får barnetrygd, får du automatisk godskrive omsorgsopptening for år der du

  • har hatt omsorg for barn som ikkje har fylt seks år
  • er mellom 17 og 69 år

Omsorgsoppteninga svarer til pensjonsoppteninga du ville fått av ei inntekt på 4,5 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda. Tener du meir enn dette, blir pensjonsoppteninga basert på lønnsinntekta di i staden. Det er berre éin av foreldra som får omsorgsopptening, men det er mogleg å overføre omsorgsopptening til den andre dersom det er meir lønnsamt.

Hadde du omsorg for barn før 2010, har du fått omsorgsopptening til og med det året barnet fylte seks år. Dette svarer til pensjonsoppteninga du ville fått av ei inntekt på 4 G.

Omsorgsopptening for barn før 1992

Hadde du omsorg for barn under sju år i perioden 1967–1991, er det eigne reglar for opptening til alderspensjon og avtalefesta pensjon i privat sektor.

Omsorgsopptening for deg som er fødd frå og med 1948 til og med 1953

For deg som er fødd mellom 1948 og 1953, kan omsorgsoppteninga for år før 1992 berre nyttast til å berekne avtalefesta pensjon i privat sektor.

Omsorgsopptening for deg som er fødd frå og med 1954

For deg som er fødd frå og med 1954, kan omsorgsoppteninga for år før 1992 nyttast både til å berekne avtalefesta pensjon i privat sektor og alderspensjon frå folketrygda berekna heilt eller delvis etter nye reglar som gjeld frå 2016. Les meir om alderspensjon.

Slik får du oversikt over omsorgsoppteninga di

I Din pensjon finn du oversikt over omsorgsoppteninga di. Her kan du også overføre omsorgsoppteninga til den andre forelderen. Dersom du meiner at du har rett til omsorgsopptening, men ikkje har fått dette godskrive automatisk, kan du søkje om det. Dette gjeld til dømes hvis du er busett i utlandet, men er medlem av folketrygda. Du kan ringje NAV på 55 55 33 34 dersom du har spørsmål om omsorgsopptening.

Omsorg for sjuke, funksjonshemma eller eldre personar

Du kan få omsorgsopptening dersom du tek deg av sjuke, funksjonshemma eller eldre personar som er medlemmer i folketrygda. For å få omsorgsopptening må du oppfylle visse krav:

  • Du må utføre omsorgsarbeid på minst 22 timer per veke.
  • Du må utføre omsorgsarbeid gjennom minst seks månader per kalenderår. Reisetid på opptil ein halv time per besøk kan reknast med.
  • Omsorgsarbeidet må i utgangspunktet vere ulønt.
  • Personen du har omsorg for, må vere medlem i folketrygda.

Nokre gonger kan kommunen gi omsorgsstønad til personar som utfører pleie og omsorgsarbeid for familie. I slike tilfelle kan du også få omsorgsopptening.

Det er mogleg å få omsorgsopptening sjølv om omsorgsperioden har vart kortare enn eit halvt år. Dette gjeld dersom omsorgsmottakaren døyr eller blir innlagd i institusjon. Vilkåret er at du har tent opp omsorgsopptening dei tre siste åra.

Korleis søkjer du om omsorgsopptening?

Dersom du ønskjer å søkje om å få godskrive opptening for omsorgsarbeid for sjuke, funksjonshemma eller eldre personar, må du sende inn søknadsskjema.

Du kan søkje om å få godskrive pensjonsopptening for omsorg etter at det har gått eit halvt kalenderår. Søknaden må seinast sendast inn to år etter det året du hadde omsorg for sjuke, funksjonshemma eller eldre personar.

Dersom du har omsorg for eit sjukt eller funksjonshemma barn, kan du få omsorgsopptening når barnet er over seks år. Du må då søkje om dette. Dersom barnet får forhøgd hjelpestønad sats 3 eller 4, skal det alltid godskrivast omsorgsopptening, og dette gjer NAV automatisk.