Av Sigrid Myklebø

I denne artikkelen ser vi på korleis ungdom på ulike måtar blir påverka av endringar i arbeidsmarknaden. Nærmare bestemt tek artikkelen for seg utviklinga blant ungdom i alderen 15-29 år når det gjeld hovudverksemd (arbeid eller utdanning), sysselsettingsnivå, arbeidsløyse, yrkesvalhemming, tiltaksdeltaking og bruk av arbeids- og helserelaterte ytingar i perioden 1997 til 2007.