Kven vart arbeidslause i den første bølga av koronakrisa og korleis har det gått med dei?
Arbeid og velferd nr.2-2021
Av Jorunn Furuberg
Koronakrisa førte i løpet av kort tid til den største auken i arbeidsløysa som nokon gong har vore registrert i Noreg. I løpet av første halvår 2020 vart i underkant av 468 000 nye arbeidssøkjarar registrert hos NAV, ein auke frå 86 400 i same periode i 2019. Ein langt større del av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 var permitterte heilt eller delvis samanlikna med første halvår 2019. Fleire hadde utdanning ut over grunnskolen, og ein større prosentdel var født i Noreg. Særleg unge i alderen 20-29 år vart ramma av nedstenginga våren 2020, men den prosentvise auken i talet på nye arbeidssøkjarar var sterkast for dei eldste i arbeidsstyrken. Samanlikna med dei siste «vanlege» nedgangskonjunkturane var det andre yrkesgrupper som blei råka. I yrkesgruppene butikk- og salsarbeid, reiseliv og transport og innan serviceyrke og anna arbeid var det flest nye arbeidssøkjarar første halvår 2020.
Dei fleste som vart arbeidslause på grunn av smittevernstiltaka våren 2020 var arbeidslause i ein kort periode. Det kan likevel sjå ut som at dei som blir verande arbeidssøkjarar over tid har mange av dei same kjenneteikna som dei som har blitt langtidsledige i andre periodar med høg arbeidsløyse. Eldre, personar utan utdanning ut over grunnskolen og innvandrarar frå ikkje-vestlege land skil seg ut med auka sannsyn for å bli verande arbeidssøkjarar fem månader eller meir. Når vi ser på yrkesgrupper så har personar med bakgrunn frå reiseliv og transport høgast sannsyn for å bli langtidsarbeidssøkjarar.
70 prosent av dei nye arbeidssøkjarane første halvår 2020 er ute av NAV sine register og i jobb etter åtte månader. Dette er 21 prosentpoeng fleire enn blant dei nye arbeidssøkjarane same periode året før. Når det gjeld yrkesbakgrunn har arbeidssøkjarar med bakgrunn frå bygg -og anleggsarbeid høgast sannsyn for å vera i jobb medan personar utan yrkeserfaring har lågast sannsyn. Å vera født i Noreg, å ha høgare utdanning og det å vera busett i Nordland eller Møre og Romsdal er alle faktorar som gir høgt sannsyn for å vera ute av NAV sine register og i jobb etter åtte månader.
Kven vart arbeidslause i den første bølga av koronakrisa og korleis har det gått med dei? (pdf)
English summary
The corona crisis resulted in the largest increase in unemployment ever recorded in Norway. During the first half of 2020, about 468,000 new jobseekers were registered with NAV, an increase from 86,400 in the same period in 2019. A much larger proportion of the new jobseekers in the first half of 2020 were fully or partly temporary laid off compared with the first half of 2019. Several had an education beyond primary school, and a larger percentage were born in Norway. Young people in the age group 20-29 in particular were affected by the closure in the spring of 2020, but the percentage increase in the number of new jobseekers was strongest for the oldest in the labor force. Compared with the recent "normal" economic downturn other occupational groups were affected. The highest number of new jobseekers happened in the following occupations: shop and sales work, tourism and transport, the service profession and other occupations.
Most people who were unemployed due to infection control measures in the spring of 2020 were unemployed for a short period. Nevertheless, we find that those who become jobseekers over time have many of the same characteristics as those who have become long-term unemployed in other periods with high unemployment. Elderly people, persons without education beyond primary schoo and immigrants from non-Western countries stand out with an increased probability of becoming jobseekers for five months or more. When we look at occupational groups, people with a background in tourism and transport are most likely to become long-term jobseekers.
70 per cent of the new jobseekers in the first half of 2020 are out of NAV's register and in employment after eight months. This is 21 percentage points more than among the new jobseekers in the same period last year. With regard to professional background, jobseekers with a background in construction have the highest probability of being employed again, while persons without professional experience have the lowest probability. Being born in Norway, having a higher education and living in Nordland or Møre og Romsdal are all factors that give a high probability of being out of NAV's register and being employed after eight months.