Av Jorunn Furuberg og Ola Thune

Redusert arbeidsevne eller arbeidsløyse førte til at til saman 674 000 årsverk gjekk tapt i produksjonen av varer og tenester i Noreg i 2018. Dette kjem fram ved å estimera kor mykje og kor lenge alle personar i al-deren 16- 67 år var utan ordinært arbeid av slike årsaker. Dei tapte årsverka i 2018 svarer til 18,9 prosent av folkemengda. Samanlikna med 2017 er dette ein nedgang på 10 000 årsverk, eller 0,4 prosentpoeng. Hovudårsaka til denne nedgangen er lågare arbeidsløyse.

Om lag 1,54 millionar personar står bak dei tapte årsverka, det vil seia at det står om lag 2,3 personar bak kvart tapte årsverk. Dette viser at det er gjennomstrøyming i dei ulike ordningane, og at det ikkje er slik at dei tapte årsverka skuldast at mange personar står permanent utafor arbeidslivet.

Prosentdelen tapte årsverk i 2018 var like høg blant norskfødde som blant innvandrarar. Medan dei norskfødde tapte fleire årsverk enn innvandrarar på grunn av redusert arbeidsevne, taper innvandrarar fleire årsverk på grunn av arbeidsløyse. Frå 2005 til 2018 har det vore ein nedgang i tapte årsverk rek-na i prosent av folkemengda, både blant innvandrarar og norskfødde. Nedgangen skuldast først og fremst lågare arbeidsløyse.

For kvinner har det vore ein auke i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne frå 2005, både blant norskfødde og innvandrar, medan det har vore ein nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeids-evne blant menn uansett fødeland. Blant norskfødde har det vore ein sterk nedgang i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne i dei eldste aldersgruppene, medan det har vore ein auke i alle aldersgrup-pene under 54 år, sterkast for dei mellom 22og 37 år.