655 000 tapte årsverk i 2010
Arbeid og velferd nr. 2-2011
Av Jorunn Furuberg, Xu Cong Qui og Ola Thune
I den offentlege debatten blir ofte talet på mottakarar av ulike stønader summert og presentert som eit mål på kor mange som står utanfor arbeidslivet. Sidan mange mottek meir enn ein stønad til same tid, eller arbeider ved sida av ei gradert trygdeyting, vil summen av alle som er arbeidslause eller mottek ei trygdeyting ikkje gi eit rett bilete på kor mange som årsverk som går tapt på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse.
I denne artikkelen presenterer vi eit estimat på kor mange årsverk som går tap på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Vi viser også at demografiske tilhøve kan forklara mykje av veksten i tapte årsverk dei siste fem åra.