Pressekontakt

Vi hjelper media med å finne lokale talspersonar, tal, analysar og andre fakta om tenestetilboda til Nav i fylket.

Pressekontaktar i Nav Vestland

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, birgitte.b.lygre@nav.no, 90 50 70 96 

Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, ingunn.halvorsen@nav.no, 97 08 92 09

Nasjonal pressevakt i Nav

Har du spørsmål om nasjonale saker, får du hjelp hos  pressevakta i Arbeids- og velferdsdirektoratet på telefon 40 00 31 44 (ikkje sms).

Bergen kommune

Spørsmål frå media om kommunale tenester i Nav-kontora i Bergen, kan rettast til:

Innsynssaker

Du kan be om innsyn i Arbeids- og velferdsdirektoratet sine dokument, og for andre einingar i Nav. Les om offentleg journal

Enkeltsaker og fritak frå teieplikta

Vi kan kommentere enkeltsaker om vi blir fritatt frå teieplikta. Personen som har eit forhold til Nav, må sjølv gi fritak frå teieplikta på nav.no. Av omsyn til personvernet kan vi ikkje godta andre framgangsmåtar enn denne.

Slik gjer du det:

  • Be vedkomande logge seg inn på nav.no og leggje inn følgande tekst under den kategorien som saka høyrer til:

Nynorsk: Eg stadfestar at eg fritek Nav frå teieplikta i samband med (namn på medium og journalist) sin omtale av den pågåande saka mi hos Nav. Det inneber at Nav kan kommentere saka og informere journalisten om saka. Fritaket gjeld fram til (sett inn dato). Nav kan ikkje uttale seg om desse delane av saka mi: (sett inn eventuelle avgrensingar). Eg bur i (kommune).

Bokmål: Jeg bekrefter at jeg fritar Nav fra taushetsplikten i forbindelse med (navn på medium og journalist) sin omtale av den pågående saken min hos Nav. Det innebærer at Nav kan kommentere saken og informere journalisten om saken. Fritaket gjelder fram til (sett inn dato). Nav kan ikke uttale seg om disse delene av saken min: (sett inn eventuelle begrensninger). Jeg bor i (kommune).

  • Vedkomande må fylle inn alle desse opplysningane. Hugs tidsrom for fritaket frå teieplikta og om det er nokre delar av saka dei ikkje ønskjer at Nav skal uttale seg om.

  • Når teksten er lagt inn, kan du som journalist gi tilbakemelding til den du har hatt kontakt med i Nav.