Fagveg - eit samarbeid for å få fleire i arbeid

Fagveg er eit samarbeid mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune. Målet er at fleire vaksne skal ta fagbrev og kome ut i arbeid, og at bedrifter får tak i faglært arbeidskraft.

Vår årlege bedriftsundersøking viser at verksemdene i Vestland treng fleire tusen fagarbeidarar. Samstundes er det mange som står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet.

Gjennom Fagveg ønskjer vi å hjelpe bedrifter med å finne gode kandidatar og leggje til rette for at dei får den kompetansen som trengst i jobben.

Har du lyst til å ta eit fagbrev, men veit ikkje kvar du skal starte?

Gjennom Fagveg kan du få hjelp til å finne rett fag eller bransje, kome i kontakt med arbeidsgivarar og legge ein plan fram mot fagbrev. Med fagbrev blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden og stiller sterkare i konkurransen om jobb.

Les meir: Ønskjer du fagbrev? - Vestland fylkeskommune

Fagveg - eit samarbeid mellom Nav og fylkeskommunen for å utdanne fleire vaksne fagarbeidarar.
Fagveg er eit samarbeidsprosjekt.