Pressemelding

Vestland skil seg frå store delar av landet

I mai var 1,6 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Vestland ligg godt under landsgjennomsnittet på 2,0 prosent heilt ledige.

5 590 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i mai. Berre Troms og Nordland har lågare arbeidsløyse enn Vestland. 

Saman med Agder og Finnmark skil Vestland seg frå resten av landet med nedgang i arbeidsløysa samanlikna med mai i fjor. I alle andre fylker i landet stig arbeidsløysa, aller mest stig den i Trøndelag, Oslo og Akershus. 

– Sjølv om vi hadde forventa at arbeidsløysa skulle stige litt i løpet av året er det ikkje heilt overraskande at arbeidsmarknaden i Vestland framleis går godt. Vi har ein litt anna næringsstruktur enn andre deler av landet, med eit bredt samansett næringsliv og mykje distrikt, seier fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen. 

Mangel på kvalifisert arbeidskraft 

Den låge arbeidsløysa er ikkje berre godt nytt. 

 – Veldig låg arbeidsløyse betyr at det kan vere vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Vi ser mellom anna ein liten auke i langtidsledige, som kan bety at mange av dei som er ledige no ikkje har kompetansen som arbeidsgivarane etterspør, seier Bjarte Hysing-Olsen. 

I følge Nav Vestland si ferske bedriftsundersøking manglar det nær 7 000 arbeidstakarar i fylket for å fylle behovet til arbeidsgivarane. 

I mai er det over 1000 fleire ledige stillingar enn i fjor. Flest ledige stillingar er det innan helse, pleie og omsorg (1 339), butikk- og salsarbeid (544) og industriarbeid (495). 

Fleire kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse 

– Tala syner at det er stort behov for fagarbeidarar både innan helse, industri og bygg og anlegg, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland. 

Høgast ledigheit i fylket har Hyllestad med 3,2 prosent og Kinn og Årdal med 2,5 prosent. Lågast ledigheit har Fitjar og Gulen med 0,7 prosent heilt ledige. Fem  kommunar i Vestland har under 1 prosent ledige. 

Under relatert innhald finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.

For kommentar til meldinga, kontakt 

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96 

Fakta

Arbeidsmarknaden i Vestland, mai 

 

Mai 2025 

Mai 2024 

Heilt ledige, Vestland 

5 590 

1,6 % av arbeidsstyrken 

5 682 

1,7 % av arbeidsstyrken 

Heilt ledige, Bergen 

3 043 

1,9 % av arbeidsstyrken 

3 254 

2,0 % av arbeidsstyrken 

Langtidsledige, meir enn seks månader 

2 723 

2 637 

Ledige under 30 år 

1378 

1 533 

Permitterte, heilt eller delvis

559 

700 

Ledige stillingar 

5 287 

4 231