Bedriftsleiarar i Vestland trur på ei positiv utvikling framover, trass i stadig større utfordringar med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.
Det viser årets bedriftsundersøking frå Nav Vestland.
Verksemdene sine samla forventningar hald fram med å stige. Både offentlege og private bedrifter forventar stor grad av stabilitet på dei fleste områda. Om lag 950 arbeidsgivarar i Vestland svarte på undersøkinga, som blei gjort i februar og mars 2025.
– Svara i undersøkinga er bedriftene si sjølvrapporterte vurdering av eigne forventningar for 2025, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Venta utvikling
Den mest markante endringa frå i fjor er verksemdene sitt syn på korleis dei skal klare å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Samanlikna med i fjor har den estimerte mangelen i Vestland auka med over 1000 arbeidarar, frå 5 640 i 2024 til 6 750 i 2025. Vestland skil seg frå resten av landet når det gjeld desse utfordringane.
Tal for arbeidsmarknaden i april syner det same biletet. Førre månad var det nemleg 2000 fleire utlyste stillingar enn arbeidssøkarar.
– Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er formidabel og aukande. Det er størst mangel innan helse og sosiale tenester, medan bygg og anlegg og varehandel også melder om rekrutteringsvanskar. Den store auken i talet som rapporterer at dei manglar kvalifisert arbeidskraft er eit tydeleg bevis på den utviklinga vi har snakka om i mange år allereie, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Stor mangel på fagarbeidarar
Det er særskilt mangel på spesialiserte yrke innan handverksfag, og heile 46 prosent av verksemdene etterspør fagarbeidarar.
– Det positive er at stadig fleire verksemder tek kontakt med oss for å få til et samarbeid om kvalifisering. Vi har allereie gode samarbeid om kvalifiseringsløp innan mellom anna industri, logistikk og transport, bygg og anlegg og helse, seier Hysing-Olsen.
Mange verksemder svarar at dei ønskjer å styrke kompetansehevinga internt.
– Dei fleste ser no at det ikkje er enkelt å få ein fiks ferdig kvalifisert medarbeidar, og at eit samarbeid med Nav er ein god løysing for å få motiverte tilsette som kan få den kompetansen dei treng etter at dei er tilsett, legg Hysing-Olsen til.
Verksemdene svarte på undersøkinga i februar og mars, før uroen i marknaden som kom etter at USA varsla auke i tollsatsane.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Fakta om bedriftsundersøkinga
- Nasjonal undersøking, gjennomført i februar og mars 2025
- I Vestland svarte 949 verksemder, som gir ein svarprosent på 71.
- Bedriftene har svart på korleis dei vurderer utsiktene for 2025 når det gjeld mellom anna marknadsutsikter, resultat, investeringar og talet på tilsette.
- Les meir om resultata i Vestland under relatert innhald.