I april var 1,7 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Det er nær 2 000 fleire ledige jobbar enn arbeidssøkarar.
5 753 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i april. Vestland ligg under landsgjennomsnittet på 2,0 prosent heilt ledige.
Grunna brot i statistikken er tala ikkje samanliknbare med tidlegare månader. Årsaka er at det denne våren blir innført eit nytt arbeidssøkarregister og andre endringar som påverkar arbeidsløysestatistikken.
Over 7 000 ledige stillingar
– Vi anslår at talet på heilt ledige hald seg relativt stabilt, når vi korrigerer for dette og normale sesongvariasjonar i april, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I alt blei det lyst ut 7 380 ledige stillingar i Vestland i april, godt over halvparten av dei i Bergen. Det er særleg helse-, pleie- og omsorgssektoren som manglar folk, med over 1 400 ledige stillingar. Både butikk- og salsarbeid (746), samt bygg og anlegg, industri, reiseliv og transport, serviceyrke og ingeniør- og IKT-fag har alle over 600 ledige stillingar.
Fleire feriejobbar
Av dei over 7 000 stillingane er rundt 850 feriejobbar. Hittil i år har det vore lyst ut nær 4 500 feriejobbar i Vestland, ein auke på rundt 1 000 samanlikna med same periode i fjor.
– Fleire bedrifter enn i fjor er på jakt etter sommarvikarar. Det syner og tal frå NHO, som saman med fylkeskommunen er våre samarbeidspartnar i kampanjen Sommarjobb i vest, seier Hysing-Olsen.
Høgast ledigheit i fylket har Modalen kommune med 4,6 prosent og Hyllestad med 3,7 prosent. Lågast ledigheit har Fedje med 0,4 prosent og Stord og Lærdal som begge har 0,7 prosent heilt ledige.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, april*
| April 2025 |
Heilt ledige, Vestland | 5 753 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 135 1,9 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 1 594 |
Ledige under 30 år | 1 417 |
Permitterte, heilt eller delvis | 659 |
Ledige stillingar | 7 380 |
* De kan lese ein meir detaljert forklaring om brotet i statistikken på sida «Hovudtal om arbeidsmarknaden»