Pressemelding

Tusen ledige helsejobbar i Vestland

Talet på arbeidsledige i Vestland ligg godt under landsgjennomsnittet i juli. Helsesektoren toppar lista over sektorar som treng fleire folk, saman med bygg og anlegg.

I juli var 6 247 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland fylke. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er ein liten nedgang frå same tid i fjor. Vestland ligg godt under landsgjennomsnittet på 2,2 prosent heilt ledige.

– Fleire sektorar slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft, og vi ser det aller mest i helsevesenet. Difor er det gledeleg at rekordmange nye studentar startar på sjukepleiarstudiet i år, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Kraftig auke i ledige helsejobbar

Ein fersk analyse viser at Nav-tiltaket «Menn i helse», som rettar seg mot arbeidsledige menn frå 25 til 55 år, gir samfunnet ein gevinst på over 1 million kroner for kvar deltakar. I Vestland har 140 menn tatt fagbrev som helsefagarbeidar sidan starten i 2019, og i år startar eit nytt kull med 48 kandidatar.

Dei har svært gode jobbmoglegheiter: Berre i juli blei det lyst ut 998 stillingar innan helse, pleie og omsorg, 17 prosent fleire enn på same tid i fjor. Navs bedriftsundersøking viser at sektoren vil mangle rundt 2 000 tilsette i løpet av året.

– I Vestland er aldersgruppa frå 65 år og oppover den einaste som får ein tydeleg vekst dei neste ti åra, så behovet for helsepersonell vil berre auke, seier Hysing-Olsen.

Bygg og anlegg treng fleire fagfolk

I juli blei det lyst ut til saman 5 106 stillingar i Vestland. Etter helse, pleie og omsorg er bygg og anlegg bransjen med flest ledige jobbar. Det blei lyst ut 642 stillingar – dobbelt så mange som for eit år sidan.

Høgast ledigheit i fylket har Modalen med 3,4 prosent, Gloppen med 2,8 prosent og Årdal med 2,6 prosent heilt ledige. Lågast ledigheit har Aurland med 0,4 prosent, Gulen med 0,5 prosent og Stord med 0,8 prosent.

Under «Relatert innhald» til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.

Arbeidsmarknaden i Vestland, juli

 Juli 2025Juli 2024
Heilt ledige, Vestland

6 247

1,8 % av arbeidsstyrken

6 443

1,9 % av arbeidsstyrken

Heilt ledige, Bergen

3 323

2,1 % av arbeidsstyrken

3 699

2,3 % av arbeidsstyrken

Langtidsledige, meir enn seks månader3 1803 234
Ledige under 30 år1 4731 681
Permitterte, heilt eller delvis347409
Ledige stillingar5 1063 798

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 

Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09