I januar er 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Vestland registrert som arbeidsledige. Prognosen frå Nav Vestland tyder på stabil arbeidsmarknad i 2026.
6 738 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i årets første månad. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,3 prosent.
– Tala frå januar syner at arbeidsmarknaden i Vestland skil seg positivt ut samanlikna med landet elles, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
1 000 fleire jobbar enn ledige
I tillegg til låg arbeidsløyse er det også høg etterspurnad etter arbeidskraft, med nesten tusen fleire stillingar enn registrerte arbeidssøkarar i januar.
– Tala frå januar er i tråd med vår prognose for året, der vi ventar ein stabil del ledige, og ein arbeidsmarknad som vi trur kjem til å vere litt betre i Vestland enn elles i landet, seier Hysing-Olsen.
Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.
Under ein prosent ledige i fleire kommunar
Av dei over 7 700 ledige stillingane, er det flest innan helse, pleie og omsorg (2 207) og industriarbeid (755). Over halvparten av stillingane er i Bergen.
Blant kommunane i Vestland er arbeidsløysa høgast i Modalen med 4,6 prosent, medan Ulvik har 4,1 prosent heilt ledige og Aurland 3,5 prosent. Lågast ledigheit i fylket har Masfjorden med 0,9 prosent og Stord med 0,7 prosent ledige.
Finn tal for alle kommunane under «Relatert innhald» til høgre på sida.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09
Fakta
Arbeidsmarknaden i Vestland, januar 2026
Heilt ledige, Vestland | 6 738 1,9 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 524 2,2 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 899 |
Ledige under 30 år | 1 760 |
Permitterte, heilt eller delvis | 799 |
Ledige stillingar | 7 717 |