Arbeidsløysa i Vestland held seg låg. Ved utgangen av september var 5 442 personar registrerte som heilt ledige, ein liten nedgang frå same tid i fjor. Samstundes deltek fleire arbeidssøkarar i arbeidsmarknadstiltak.
Dei heilt ledige utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken i Vestland, mot 2,0 prosent på landsbasis.
– Arbeidsmarknaden i fylket vårt er stabil, med låg ledigheit og stor etterspurnad etter arbeidskraft. Nav har ei rekkje tiltak og ordningar for dei som treng litt ekstra støtte for å kome i jobb, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I september deltok 1 365 personar i Vestland på ulike arbeidsmarknadstiltak for å auke jobbsjansane sine. Summen av heilt arbeidsledige og arbeidssøkarar på tiltak utgjer bruttoledigheita. I september var denne 1,9 prosent i Vestland og 2,4 prosent for landet samla.
Utvidar forsøk for unge i Bergen
Også blant unge er arbeidsløysa i Vestland stabilt låg. For mange kan likevel inngangen til arbeidslivet vere krevjande.
– Ein fersk NIFU-rapport viser at mange nyutdanna synest det er vanskelegare enn forventa å få jobb etter fullført utdanning. Sjølv om få unge går ledige, ser det ut som det tek lengre tid å kome seg inn på jobbmarknaden. Vi høyrer også frå arbeidsgivarar at dei treng færre folk enn før til dei enklare jobbane, seier Hysing-Olsen.
Bergen er forsøkskommune for ungdomsprogrammet, eit tilbod til unge under 30 år som har rett til oppfølging frå Nav. Nyleg vart forsøket utvida frå to Nav-kontor til heile Bergen kommune.
– Eg er svært glad for at ungdomsprogrammet no blir utvida i Bergen. Her får den unge ei trygg inntekt og kan gå i gang med aktivitet og jobbjakt saman med rettleiaren sin, utan å måtte gå vegen om ei helseutgreiing, seier Hysing-Olsen.
Mange ledige stillingar
Nav registrerte 5 337 ledige stillingar i Vestland i september, nesten like mange som heilt ledige arbeidssøkarar. Helse, pleie og omsorg hadde flest utlyste stillingar med 1 225.
Høgast arbeidsløyse i fylket finn vi i Fedje med 2,5 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Årdal med 2,0 prosent og Bergen med 1,9 prosent. Lågast er arbeidsløysa i Solund, Sveio, Samnanger, Masfjorden og Gulen.
Arbeidsmarknaden i Vestland i september
| September 2026 | September 2025 | |
| Heilt ledige, Vestland | 5 442 1,6 % av arbeidsstyrken | 5 734 1,7 % av arbeidsstyrken |
| Heilt ledige, Bergen | 3 045 1,9 % av arbeidsstyrken | 3 035 1,9 % av arbeidsstyrken |
| Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 583 | 2 700 |
| Ledige under 30 år | 1 429 | 1 490 |
| Permitterte, heilt eller delvis | 463 | 406 |
| Ledige stillingar | 5 337 | 5 787 |
Under «Relatert innhald» finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
Les meir om arbeidsmarknadsstatistikk frå Nav: Hovedtall om arbeidsmarkedet
Vi har brukt kunstig intelligens (MS Copilot) i arbeidet med pressemeldinga.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09