Pressemelding

Sjukefråværet i Vestland flatar ut

Sjukefråværet i Vestland gjekk litt ned og enda på 6,1 prosent i første kvartal. Det har ikkje vore så lågt sjukefråvær i fylket i 1. kvartal sidan 2021.

Det legemeldte sjukefråværet i Vestland gjekk ned frå 6,2 i første kvartal 2024 til 6,1 i same periode i 2025. Dette er på nivå med gjennomsnittet for landet. 

Dei vanlegaste diagnosane var muskel- og skjelettplager med 32 prosent og psykiske lidingar med 24 prosent av fråværet. 

God nyheit 

Sjukmeldingar grunna luftvegssjukdom har gått opp sidan i fjor og ligg på 10,6 prosent, medan dei andre diagnosegruppene går litt ned eller ligg stabilt. 

–  Det har vore en del influensa og forkjølingar blant befolkninga denne vinteren, noko seinare enn vanleg.  Det er ikkje så mykje å gjere med.  Den gode nyheita er at det er nedgang i andre diagnosegrupper, og at sjukefråværet i Vestland no ser ut til å stabilisere seg etter å ha auka dei seinaste åra, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland. 

Fylkesdirektøren ser optimistisk på utviklinga. 

–  Særskilt nedgangen i psykiske lidingar er positivt, og eit steg i riktig retning etter at denne diagnosegruppa har auka i fleire år. Eg håpar det er eit tidleg teikn på at sjukefråværet beveger seg i riktig retning, seier Hysing-Olsen. 

Framleis for høgt 

Totalt utgjorde fråværet i fylket over 1 million tapte dagsverk i dei første tre månadene av 2025. 

– Det er viktig å understreke at sjukefråværet framleis er for høgt, og at vi som er arbeidsgivarar framleis har ein jobb å gjere for å bidra til god dialog og tilrettelegging slik at fleire kan jobbe heilt eller delvis, trass ulike plagar, seier Hysing-Olsen. 

I Navs ferske omverdsanalyse blir det og peika på behovet for eit tettare samarbeid mellom helsesektoren og Nav for å bidra til at færre faller utanfor arbeidslivet. 

– Eit poeng som blir nemnt i analysen er at meir koordinert innsats frå Nav og helse- og omsorgstenesta skal gi fleire med helseutfordringar tilpassa hjelp som inkluderer både arbeidsretta og helsemessig oppfølging. Det trur eg er ein nøkkel som kan bidra til endå lågare sjukefråvær, seier Hysing-Olsen. 

 

For kommentar til meldinga, kontakt 

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96 

Fakta

Fakta om sjukefråværet i Vestland i første kvartal 2025 

  • Høgast fråvær i Askøy og Øygarden (7,3 prosent) og Alver, Fedje og Vaksdal (alle 7,1 prosent) 
  • Lågast fråvær i Aurland (4,2 prosent) og  Gloppen (4,4 prosent) 

  • Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (32 prosent) og psykiske lidingar (24 prosent) 

  • Helse- og sosialtenester har høgast sjukefråvær med 8,9 prosent 

Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre. 

Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå