Det legemeldte sjukefråværet i Vestland enda på 5,9 prosent i andre kvartal 2026.
I andre kvartal gjekk det legemeldte sjukefråværet i Vestland opp frå 5,6 prosent i 2025 til 5,9 prosent i 2026.
– God helse i å jobbe
29 prosent av sjukefråværa i 2. kvartal 2026 var graderte. Dette er den høgaste delen graderte sjukefråvær som er målt. Til samanlikning var 27 prosent av sjukefråværa graderte i same periode i fjor.
– Det er positivt at stadig fleire får gradert sjukemelding, og jobbar litt i staden for å vere heilt borte frå jobb. Det det kan være mykje god helse i å jobbe, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Sjukefråvær med svangerskapssjukdommar blir oftast graderte, følgt av psykiske lidingar.
Heilt gjennomsnittleg
Innanfor diagnosegruppa «Psykiske symptom/utbrentheit/reaksjon på belastande hendingar» var 45 prosent av sjukefråværa graderte i andre kvartal 2026, som er ein auke frå tidlegare. Dette er ei av diagnosane kor sjukefråværet har auka mest dei siste åra.
– Som fylke er vi vande med å skilje oss litt ut, både når det gjeld lågare del i utanforskap, og lågare arbeidsløyse, men når det kjem til sjukefråvær er vi ganske gjennomsnittleg, seier Hysing-Olsen.
Det er størst auke i fråværet blant kvinner, og innan helse- og sosialtenester. Trenden med at dei som er i 30-åra er sjukare enn dei i 50-åra, held også fram.
Tal for alle kommunane i Vestland og ulike bransjar ligg under Relatert innhald.
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finst hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Fakta om sjukefråværet i Vestland i andre kvartal 2026
Høgast fråvær i Austrheim (8,2 prosent), Modalen (8,0 prosent) og Øygarden (7,2 prosent)
Lågast fråvær i Eidfjord (2,9 prosent), Årdal (3,9 prosent) og Aurland (4,2 prosent)
Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettlidingar (33 prosent) og psykiske lidingar (27 prosent)
Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 8,7 prosent
Med 5,9 prosent sjukefråvær ligg Vestland noko over gjennomsnittet for landet på 5,7 prosent
Sjukefråværet i fylket utgjorde til saman rett under ein million tapte dagsverk i andre kvartal