Det legemeldte sjukefråværet i Vestland enda på 5,6 prosent i 2025, mot 5,8 prosent året før. Fråværet gjekk ned i dei fleste diagnosegruppene.
I fjerde kvartal gjekk det legemeldte sjukefråværet i Vestland ned frå 5,9 prosent i 2024 til 5,8 prosent i 2025. Snittet for heile året var 5,6 prosent, det lågaste sidan 2022.
– Vi såg ei positiv utvikling gjennom heile fjoråret. Sjølv om endringane er små, kan det tyde på at trenden er i ferd med å snu. Også i aldersgruppa over 50 år er det fleire som held seg friske. Det er i tråd med tendensen i arbeidsmarknaden der fleire står lenger i arbeid, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
For heile 2025 har sjukefråværet i Vestland gått ned med 3,6 prosent frå 4 085 000 til 3 939 000 tapte dagsverk. Kvar fjerde sjukemelding var gradert, det vil seie at personen jobbar litt i staden for å vere heilt borte frå jobben.
Trivsel som førebyggande tiltak
I bygg- og anleggsbransjen låg sjukefråværet på 5,2 prosent i fjerde kvartal. FM-gruppen i Bergen er ei av bedriftene som ligg godt under snittet for bransjen. Deira tal viser eit sjukefråvær på 3,9 prosent for Fyllingen maskin og 4,6 prosent for Strand AS. Verksemda legg stor vekt på trivsel og arbeidsmiljø, i tillegg til riktig verneutstyr og HMS-rutinar.
– Vi treng alle å bli sett, og å vere med på å planlegge arbeidet. Årlege målingar frå bedriftshelsetenesta viser at medarbeidarane våre trivst på jobben. Ein annan del av det førebyggande arbeidet er gode forsikringar og tilgang på helsetenester for alle tilsette. Viss nokon ikkje kan utføre dei vanlege oppgåvene sine, forsøker vi å legge til rette for alternativt arbeid, seier HMS-leiar Jim Eirik Liland i FM-gruppen.
– FM-gruppen sitt systematiske arbeid stadfestar det fagfolka våre seier: Nøkkelen til lågt sjukefråvær ligg i involvering og godt arbeidsmiljø. Arbeidsgivarane tener stort på å starte der, og ikkje vente til folk blir sjuke, seier Hysing-Olsen.
Tal for alle kommunane i Vestland og ulike bransjar finst under Relatert innhald.
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finst hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09
Fakta
Sjukefråvær i Vestland, fjerde kvartal 2025
- Høgast fråvær i Øygarden (7,1 prosent), Askøy og Vaksdal (begge 6,8 prosent)
- Lågast fråvær i Fedje (4,0 prosent) og Aurland (4,1 prosent)
- Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettlidingar (32,5 prosent) og psykiske lidingar (26,1 prosent)
- Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 8,5 prosent
- Vestland ligg likt med gjennomsnittet for landet med 5,8 prosent sjukefråvær
- Sjukefråværet i fylket utgjorde til saman over 1 million tapte dagsverk i fjerde kvartal