Pressemelding

Over tusen ledige sommarjobbar i Vestland

I februar er 1,8 prosent av arbeidsstyrken i Vestland registrert som arbeidsledige. Det er over 6 500 ledige stillingar, meir enn tusen av dei er sommarjobbar.

6 460 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i februar. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,2 prosent.

Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.

 – Det er låg arbeidsløyse og høg etterspurnad etter arbeidskraft i Vestland. Det betyr at både bedrifter og kommunar må tenke nytt om rekruttering. No er tida for å lyse ut sommarjobbar. Eg vil nytte høvet til å minne arbeidsgivarar på kva for ein gyllen anledning sommarjobbar er for å sikre seg framtidas arbeidskraft, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Samarbeid om sommarjobbkampanje

I Vestland var det i februar 1 112 utlyste sommarjobbar, om lag det same som var tillyst i fjor. Hysing-Olsen håper fleire arbeidsgivarar tillyser sommarjobbar.

– Om vi klarar å få endå fleire unge inn i arbeidslivet, er det vinn-vinn både for dei unge, for arbeidsgivarane og samfunnet. Saman med NHO, LO og Vestland fylkeskommune har vi no ein sommarjobbkampanje, og vi oppmodar alle bedrifter og kommunar om å lyse ut dei ledige sommarjobbane på www.arbeidsplassen.no for å vise ungdommen at det er bruk for dei, seier Hysing-Olsen.

Stor variasjon mellom kommunane

Av dei over 6 500 ledige stillingane, er det flest innan helse, pleie og omsorg (1 552) og butikk- og salsarbeid (782). Godt over halvparten av stillingane er i Bergen.

Blant kommunane i Vestland er arbeidsløysa høgast i Ulvik med 4,0 prosent heilt ledige, medan Fedje har 3,7 prosent og Aurland 3,4 prosent. Lågast ledigheit i fylket har Fjaler med 0,7 prosent medan Sveio, Stord, Samnanger og Hyllestad alle har 0,9 prosent ledige.

Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.

For kommentar til meldinga, kontakt

Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18 

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96

Fakta

Arbeidsmarknaden i Vestland, februar 2026

 

Heilt ledige, Vestland

6 460

1,8 % av arbeidsstyrken

Heilt ledige, Bergen

3 359

2,1 % av arbeidsstyrken

Langtidsledige, meir enn seks månader

2 829

Ledige under 30 år

1 662

Permitterte, heilt eller delvis

938

Ledige stillingar

6 553