I juni var 1,7 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Vestland ligg godt under landsgjennomsnittet på 2,0 prosent heilt ledige.
5 745 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i juni.
Av dette er om lag 660 ukrainarar, det utgjer nesten dobbelt så mange som neste nasjonalitet på lista, som er polakkar. Talet på heilt ledige frå Ukraina har gått jamt ned sidan januar. Om lag 40 prosent av ukrainarar mellom 20 og 66 år er no i jobb.
– Talet på ukrainarar som registrerer seg hos Nav er i ferd med å flate ut. Samstundes ser vi ein stor auke i talet på ukrainarar som mottek arbeidsretta tiltak for å kome i arbeid, seier fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
Mange mottek sosialhjelp
Ein ny analyse frå Nav syner at talet på mottakarar av sosialhjelp auka med fire prosent i dei fire første månadene i 2025, samanlikna med same periode året før. I andre undersøkingar blir mesteparten av auken forklart med flyktningstraumen frå Ukraina.
Hysing-Olsen meiner det er eit godt teikn at mange ukrainarar no har fått jobb, samstundes som mange mottek tiltaksmidlar når dei er i arbeidsretta tiltak.
– Ein del av desse har nok framleis behov for supplerande sosialhjelp, men tiltaksmidlane bidrar til at veksten i sosialhjelpsutbetalingar blir lågare, seier Hysing-Olsen.
Han legg til at det har vore eit høgt press på Nav-kontora dei siste åra, særleg på grunn av flyktningstraumen.
Fleire kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse
I juni er det over 4000 ledige stillingar i Vestland. Flest ledige stillingar er det innan helse, pleie og omsorg (789), butikk- og salsarbeid (473) og bygg og anlegg (469).
Høgast ledigheit i fylket har Hyllestad med 2,9 prosent, Gloppen med 2,8 prosent og Årdal med 2,5 prosent. Lågast ledigheit har Fedje med 0,4 prosent heilt ledige og Aurland og Fitjar med 0,6 prosent heilt ledige. Seks kommunar i Vestland har under 1 prosent ledige.
Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
Arbeidsmarknaden i Vestland, juni
| Juni 2025 | Juni 2024 |
Heilt ledige, Vestland | 5 745 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 724 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 090 1,9 % av arbeidsstyrken | 3 273 2,1 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 872 | 2 697 |
Ledige under 30 år | 1 404 | 1 514 |
Permitterte, heilt eller delvis | 414 | |
Ledige stillingar | 4 114 | 4 336 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96