Vel 6 000 personar var heilt arbeidsledige i Vestland i juli. Sjølv om mange bransjar har ledige jobbar, er det tøft å få innpass for dei som ikkje har fullført vidaregåande skule.
Tal frå Nav viser at 6 035 personar i Vestland var registrerte som heilt arbeidsledige ved utgangen av juli. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken, godt under gjennomsnittet for landet på 2,1 prosent.
– Arbeidsløysa har vore stabilt låg i heile år, og det er mangel på arbeidskraft i ei rekkje bransjar. Dette er godt nytt for dei som snart er klare for eit nytt skuleår eller studieløp, seier fylkesdirektør i Nav Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
Helsefag er mest etterspurt
Helse- og omsorgssektoren i Vestland hadde 683 utlyste stillingar i juli. I bygg og anlegg var det 420 ledige stillingar, følgt av butikk- og salsarbeid med 416 stillingar.
– Kandidatar som har valt helse og oppvekst, sjukepleie eller andre helsefag har svært gode utsikter på arbeidsmarknaden. Generelt ser vi at vidaregåande skule er nøkkelen til eit varig fotfeste i arbeidslivet, seier Hysing-Olsen.
Arbeidsløysa er dobbelt så høg blant jobbsøkarar som berre har grunnskulen, samanlikna med dei som har fullført vidaregåande, viser nasjonale tal.
Nav samarbeider med Vestland fylkeskommune om å hjelpe flest mogleg arbeidssøkarar til å skaffe seg fagbrev eller andre kvalifikasjonar til ledige jobbar.
Størst andel ledige i Fedje
Fedje kommune har høgast arbeidsløyse i Vestland med 3,7 prosent heilt ledige. Deretter følgjer Kinn med 2,3 prosent og Øygarden med 2,2 prosent. Lågast er arbeidsløysa i Modalen, Solund og Hyllestad. I desse tre kommunane er det så få ledige at Nav ikkje kan offentleggjere tala av omsyn til personvernet.
Under «Relatert innhald» finn du fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland.
Nav jobbar med å bytte ut gamle IT-system og fase inn nye. Dette har resultert i ulike brot i arbeidsløysestatistikken det siste året. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.
Arbeidsmarknaden i Vestland, juli 2026
| Heilt ledige, Vestland | 6 035 1,7 % av arbeidsstyrken |
| Heilt ledige, Bergen | 3 276 2,0 % av arbeidsstyrken |
| Langtidsledige, meir enn seks månader | 3 217 |
| Ledige under 30 år | 1 473 |
| Permitterte, heilt eller delvis | 565 |
| Ledige stillingar | 3 229 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09