I desember er 1,8 prosent av arbeidsstyrken i Vestland registrert som arbeidsledige. Fleire bransjar slit med å rekruttere nok tilsette, og aller størst er mangelen i helsesektoren.
6 147 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i desember. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, godt under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent.
– Det er veldig positivt at så mange er i jobb. 2025 har vore prega av stabilt låg arbeidsløyse, sjølv med tilveksten av ukrainske flyktningar dei siste åra. Baksida av medaljen er at ei rekkje bransjar manglar arbeidskraft. Vi samarbeider med fylkeskommunen, arbeidsgivarar og andre aktørar for å kvalifisere folk til desse bransjane, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Tala for arbeidsledige i desember er ikkje direkte samanliknbare med same tid i fjor. Det skuldast ei omlegging til nye IT-system som har ført til brot i statistikken frå april til desember 2025. Sjå Hovedtall om arbeidsmarkedet for meir informasjon.
«Menn i helse» utdannar populære fagfolk
Prosjektet «Menn i helse» er eit eksempel på målretta kvalifisering av fagfolk. Tilbodet rettar seg mot menn mellom 19 og 55 år, og sidan starten i 2019 har over 140 kandidatar i Vestland tatt fagbrev som helsefagarbeidar.
– Prosjektet er ei suksesshistorie: 30 kommunar i fylket er no med i ordninga, og så godt som alle dei nyutdanna helsefagarbeidarane går rett ut i relevant jobb, seier Hysing-Olsen. Over nyttår startar inntaket til neste kull av «Menn i helse».
Helse- og sosialsektoren har lenge lege på topp når det gjeld behov for nye tilsette. I desember var det lyst ut 645 ledige stillingar i sektoren i Vestland. Over 8 000 helsetilsette i fylket har mindre enn fem år att til pensjonsalderen, viser tal frå Nav.
Ventar auka etterspurnad på sikt i bygg og anlegg
Bygg- og anleggsbransjen hadde 282 ledige stillingar i desember.
– Vi har følgt bransjen nøye i lang tid og får signal om at ein del bedrifter er i risikosona. Likevel ventar vi stor etterspurnad etter fagfolk i bygg og anlegg etter kvart som renta går ned, seier Hysing-Olsen.
Blant kommunane i Vestland er arbeidsløysa høgast i Modalen med 4,5 prosent, medan Ulvik har 3,6 prosent heilt ledige og Fedje 3,4 prosent. Lågast ledigheit i fylket har Gulen med 0,5 prosent og Stord med 0,7 prosent ledige.
Finn tal for alle kommunane under «Relatert innhald» på denne sida.
Arbeidsmarknaden i Vestland, desember 2025
| Heilt ledige, Vestland | 6 147 1,8 % av arbeidsstyrken |
| Heilt ledige, Bergen | 3 239 2,0 % av arbeidsstyrken |
| Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 799 |
| Ledige under 30 år | 1 540 |
| Permitterte, heilt eller delvis | 575 |
| Ledige stillingar | 2 796 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09