Sjukefråværet for tredje kvartal i Vestland var 4,8 prosent, ein klar nedgang frå i fjor. Stadig fleire får gradert sjukemelding og jobbar litt i staden for å vere heilt borte frå jobb.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal gjekk ned frå 5,2 prosent i 2024 til 4,8 prosent i 2025.
– Vi har sett ei positiv utvikling i heile år, som kan tyde på at det høge sjukefråværet etter pandemien er i ferd med å normalisere seg. Det er gledeleg å registrere ein nedgang for både muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Fleire får gradert sjukemelding
Sjukdom i musklar og skjelett er den klart største årsaka til at vestlendingane er borte frå jobben. Kvart tredje tapte dagsverk kan tilskrivast denne diagnosegruppa. Psykiske lidingar er årsak til kvart fjerde tapte dagsverk, men har nedgang i både antal sjukemeldingar og i tapte dagsverk.
– Det er også svært positivt at andelen graderte sjukemeldingar stig år for år. Vi veit at dei som klarer å jobbe litt, har mykje lågare risiko for å falle heilt ut av arbeidslivet. Trua på at ein kan kome tilbake for fullt er ein suksessfaktor, nesten uansett diagnose, seier Hysing-Olsen.
Samtaleverktøy har effekt
Kristin Buhaug er koordinerande rådgivande overlege i Nav Vestland. Ho peikar på at kvile og pause frå jobben ikkje alltid er løysinga for dei som kjenner seg slitne og utmatta. Stadig fleire fastlegar brukar no samtaleverktøyet ICIT for å undersøke årsaker til utmatting og smerter, og om sjukemelding er rette vegen å gå.
– Forsking viser at det har effekt: Når legane nytta samtaleverktøyet, meldte pasientane om færre symptom og betre livskvalitet. Sjukefråværet gjekk ned med 27 prosent, mot 4 prosent i kontrollgruppa. Dette er svært interessante funn, seier Buhaug.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal 2025
- Høgast fråvær i Lærdal (6,6 prosent) og Øygarden (6,0 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland og Gulen (begge 3,6 prosent)
- Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettlidingar (34,5 prosent) og psykiske lidingar (25,3 prosent)
- Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 6,8 prosent, ned frå 7,4 på same tid i 2024
- Vestland ligg heilt likt med gjennomsnittet for landet med 4,8 prosent sjukefråvær
- Sjukefråværet i fylket utgjorde til saman nesten 900 000 tapte dagsverk i tredje kvartal
Tal for alle kommunane i Vestland og ulike bransjar finst under Relatert innhold.
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finst hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09