Ta kontakt med:

Kommunikasjonsrådgjevar Ole Kristian Larsen Telefon: 48 12 19 29

Kommunikasjonsrådgjevar Astrid Nodland Telefon: 47 27 19 32

Har du spørsmål om nasjonale forhold ringer du pressevakta i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

I enkeltsaker:

Vi kan kommentere enkeltsaker dersom vi blir fritatt frå vår teieplikt. Personen som har eit forhold til NAV må sjølv gi NAV fritak frå teieplikta inne på Ditt NAV. Fritaket leggjast under den kategorien saka fell inn under. Journalisten må be vedkomande leggje inn følgjande tekst på Ditt NAV:

«Eg bekreftar at eg fritar NAV for teieplikta  i forbindelse med (namn på media og journalist) sin omtale av min pågåande sak hos NAV. Det medfører at NAV kan kommentere saka  og informere journalisten om saka. Fritaket gjeld fram til (sett inn dato). NAV kan ikkje uttale seg om desse delane av min sak: (sett inn).»

Vedkomande må fylle inn namn på media, journalist, tidsrom for fritak frå teieplikta og om det er delar dei ikkje ønskjer at NAV skal uttale seg om.      

Journalisten gir kommunikasjonsrådgjevar i Rogaland eller pressevakta ei tilbakemelding når teksten er lagt inn. Kontaktinformasjon til kommunikasjonsrådgjevar og link til pressevakta i direktoratet finn du over.