Det legemelde sjukefråværet i Møre og Romsdal var 5,9 prosent i 2. kvartal 2026, ein svak auke frå 5,8 prosent i same kvartal i 2025. 32,4 prosent av dei sjukmelde hadde gradert sjukmelding, opp frå 30,2 prosent i fjor.
– Sjølv om sjukefråværet har auka noko, er det svært positivt at vi ser ein rekordhøg del graderte sjukmeldingar. Når fleire kan vere delvis i arbeid medan dei er sjukmelde, er det bra både for den enkelte, arbeidsplassen og samfunnet. Dette er eit viktig mål i arbeidet Nav gjer saman med arbeidsgivarar og helsevesenet, seier Stein Veland.
Fleire graderte sjukmeldingar
Stadig fleire sjukmeldingar er graderte i Møre og Romsdal. I 2. kvartal 2026 var 8 621, eller 32,4 prosent, av dei 26 609 sjukefråværstilfella graderte. Det er ein auke frå 30,2 prosent i same kvartal året før, og den høgste prosentdelen vi har registrert for dette kvartalet.
Dei siste åra har bruken av graderte sjukmeldingar auka jamt, særleg innan psykiske lidingar. Delen har auka frå 39,4 prosent i 2019 til 45,5 prosent i 2026. Graderte sjukmeldingar blir nytta når det er mogleg å vere delvis i arbeid, og utviklinga kan tyde på at fleire held kontakten med arbeidslivet under sjukdomsperioden. Fordelinga mellom diagnosegruppene har elles vore relativt stabil, med muskel- og skjelettsjukdommar som den største gruppa på 32,9 prosent.
Auke i sjukefråværet innan kommunal forvaltning
Samanlikna med 2. kvartal 2025 har sjukefråværet i kommunal forvaltning auka frå 7,7 prosent til 8,0 prosent i 2. kvartal 2026. Privat næringsverksemd, offentleg næringsverksemd og statleg forvaltning held seg ganske stabilt samanlikna med fjoråret.
Lågast sjukefråvær blant dei unge
Sjukefråværet i dei ulike aldersgruppene har vore ganske stabilt dei siste åra. Det er lågast sjukefråvær blant dei unge, men vi ser samtidig ein auke i sjukefråværet blant dei yngste frå 4,2 prosent til 4,4 prosent det siste året. Vi ser også ein tilsvarande auke på 0,2 prosentpoeng for dei mellom 30 og 50 år. For dei over 50 år er sjukefråværet uendra frå fjoråret.
Lokale skilnader i sjukefråværet
Sjukefråværet i dei største byane i fylket har utvikla seg ulikt det siste året. Kristiansund har framleis høgast fråvær, med 6,5 prosent i 2. kvartal 2026. Det er opp frå 6,2 prosent året før. Ålesund har den lågaste fråværsprosenten på 5,6 prosent, uendra frå året før. Molde hadde den beste utviklinga, med ein nedgang frå 5,9 til 5,7 prosent.
Sunndal er kommunen med lågast sjukefråvær, med 4,5 prosent.
Tabell 1: Sjukefråværet i 2. kvartal 2023–2026, i prosent etter fylke og kommunar
| 2. kvartal 2023 | 2. kvartal 2024 | 2. kvartal 2025 | 2. kvartal 2026 | Endring |
Landet | 5,5 % | 5,9 % | 5,6 % | 5,7 % | 2,5 % |
Agder | 5,8 % | 6,2 % | 5,8 % | 5,9 % | 2,2 % |
Akershus | 5,3 % | 5,9 % | 5,5 % | 5,7 % | 2,3 % |
Buskerud | 5,7 % | 6,0 % | 5,6 % | 5,9 % | 5,5 % |
Finnmark | 6,5 % | 6,6 % | 6,7 % | 6,7 % | 1,1 % |
Innlandet | 5,8 % | 6,0 % | 5,8 % | 6,0 % | 3,6 % |
Møre og Romsdal | 5,8 % | 5,9 % | 5,8 % | 5,9 % | 2,0 % |
Nordland | 6,3 % | 6,3 % | 6,3 % | 6,3 % | 0,2 % |
Oslo | 4,5 % | 5,1 % | 4,8 % | 4,8 % | 0,0 % |
Rogaland | 4,7 % | 5,1 % | 4,8 % | 5,0 % | 4,1 % |
Telemark | 5,8 % | 6,2 % | 5,7 % | 5,9 % | 3,7 % |
Troms | 6,2 % | 6,6 % | 6,3 % | 6,2 % | -1,3 % |
Trøndelag | 5,7 % | 5,9 % | 5,7 % | 5,7 % | -1,3 % |
Vestfold | 5,5 % | 6,0 % | 5,8 % | 5,9 % | 1,9 % |
Vestland | 5,6 % | 6,0 % | 5,6 % | 5,9 % | 5,9 % |
Østfold | 6,2 % | 6,8 % | 6,4 % | 6,8 % | 5,8 % |
1505 Kristiansund | 5,8 % | 5,9 % | 6,2 % | 6,5 % | 5,0 % |
1506 Molde | 5,4 % | 5,5 % | 5,9 % | 5,7 % | -2,7 % |
1508 Ålesund | * | 5,8 % | 5,6 % | 5,6 % | 1,0 % |
1511 Vanylven | 8,2 % | 7,7 % | 7,7 % | 7,4 % | -3,7 % |
1514 Sande | 6,4 % | 5,6 % | 5,2 % | 7,5 % | 42,5 % |
1515 Herøy | 5,7 % | 6,1 % | 5,9 % | 6,5 % | 10,3 % |
1516 Ulstein | 5,0 % | 5,1 % | 4,7 % | 4,9 % | 4,7 % |
1517 Hareid | 5,3 % | 6,3 % | 5,8 % | 6,5 % | 11,8 % |
1520 Ørsta | 6,2 % | 6,6 % | 6,7 % | 7,0 % | 4,6 % |
1525 Stranda | 6,7 % | 6,2 % | 6,0 % | 5,0 % | -16,4 % |
1528 Sykkylven | 6,7 % | 7,1 % | 5,5 % | 5,7 % | 5,2 % |
1531 Sula | 6,0 % | 6,0 % | 6,0 % | 5,5 % | -7,7 % |
1532 Giske | 6,6 % | 6,6 % | 6,4 % | 6,7 % | 4,2 % |
1535 Vestnes | 5,8 % | 7,0 % | 6,1 % | 6,2 % | 2,0 % |
1539 Rauma | 5,6 % | 5,7 % | 5,3 % | 5,0 % | -5,6 % |
1547 Aukra | 6,0 % | 5,8 % | 6,0 % | 5,9 % | -2,3 % |
1554 Averøy | 6,2 % | 6,0 % | 6,4 % | 6,1 % | -5,3 % |
1557 Gjemnes | 4,7 % | 6,2 % | 6,0 % | 6,2 % | 4,7 % |
1560 Tingvoll | 5,7 % | 6,4 % | 5,8 % | 5,6 % | -3,8 % |
1563 Sunndal | 4,0 % | 4,3 % | 4,2 % | 4,5 % | 7,5 % |
1566 Surnadal | 4,9 % | 5,4 % | 4,9 % | 5,2 % | 7,8 % |
1573 Smøla | 6,1 % | 6,3 % | 5,7 % | 7,1 % | 23,6 % |
1576 Aure | 5,4 % | 5,9 % | 4,4 % | 5,2 % | 16,7 % |
1577 Volda | 5,9 % | 6,8 % | 6,1 % | 6,2 % | 0,3 % |
1578 Fjord | 6,3 % | 6,5 % | 6,8 % | 5,9 % | -13,1 % |
1579 Hustadvika | 5,7 % | 6,0 % | 6,0 % | 6,0 % | 1,6 % |
1580 Haram | * | 5,4 % | 5,7 % | 6,4 % | 12,6 % |
* Ålesund og Haram har ikkje eigne tal for 2023, sidan dei då var éin felles kommune.
Sjå dei nye tala frå sjukefråværsstatistikken her: Sykefraværsstatistikk - Kvartalstatistikk - nav.no