Det legemeldte sjukefråværet i andre kvartal 2025 i Møre og Romsdal var på 5,8 prosent, 0,2 prosentpoeng høgare enn det samla fråværet for landet på 5,6 prosent. Sunndal har lågast fråvær i fylket med 4,2 prosent, medan Vanylven har høgst fråvær med 7,7 prosent. Sjukefråværet går ned i alle aldersgrupper.
Det legemeldte sjukefråværet i andre kvartal 2025 i Møre og Romsdal var på 5,8 prosent, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng samanlikna med andre kvartal i fjor. Fråværet i Møre og Romsdal er dermed framleis høgare enn landsgjennomsnittet på 5,6 prosent.
Sunndal har framleis lågast fråvær
Sunndal har dei siste åra hatt det lågaste sjukefråværet i fylket. Slik er det også i 2. kvartal i år, med eit legemeldt fråvær på 4,2 prosent, ein reduksjon på 3,3 prosent det siste året.
Størst nedgang i fråværet finn vi i Aure med 25,5 prosent, ein nedgang frå 5,9 til 4,4 prosent.
Stor nedgang er det også i Sykkylven, frå 7,1 til 5,5 prosent, ein nedgang på 22,9 prosent.
Ålesund hadde ein nedgang i sjukefråværet på 4 prosent, ned til 5,6 prosent. Molde og Kristiansund har ei auke i sjukefråværet i 2. kvartal. I Molde auka fråværet med 6,4 prosent, til 5,9, medan det i Kristiansund aukar med 4,9 prosent, til 6,2 prosent.
Størst nedgang blant dei yngste
Sjukefråværet går ned i alle aldersgrupper, og nedgangen er størst for dei under 30 år. Høgst fråvær er det i gruppa 60-69 år, men fråværet i denne gruppa er 3,2 prosent lågare enn i same kvartal i fjor.
Vi merkar oss også at dei under 30 år, og dei mellom 40-49 år, har eit fråvær som er likt eller lågare enn landsgjennomsnittet, medan dei andre aldersgruppene har eit høgare fråvær enn landet.
Sjukefråværet ned i kommunal sektor, men aukar i statleg forvaltning
I kommunal forvaltning gjekk sjukefråværet i andre kvartal ned med 2,9 prosent, til 7,7 prosent.
Privat og offentleg næringsverksemd har eit fråvær på 5,0 prosent, ein nedgang på 3 prosent.
I statleg forvaltning var fråværet 6,5 prosent, ein auke med 1,6 prosent, samanlikna med andre kvartal i fjor.
Vedlegg: Pressemelding om sjukefråværet i Møre og Romsdal 2. kvartal 2025