Slik gjer du det

Erklære farskap

Om å erklære farskap digitalt.

Erklære farskap digitalt

Før far kan erklære farskapet digitalt, må du som mor oppgje kven som er far i den digitale erklæringa. Du kan oppgje kven som er faren frå og med 22. svangerskapsveke. Du kan også vente til etter at barnet er født. Den digitale løysinga er open for dette fram til barnet er 6 månadar.

Det er altså du som mor som må begynne på erklæringa først, ved å oppgje kven som er far til barnet. Dersom far loggar seg inn før du har oppgitt han som faren, vil han ikkje få moglegheit til å erklære farskapet.

For å erklære farskapet digitalt, gjeld alle disse punkta:

  • Barnet må vere eller forventast født i Norge
  • Mor må vere ugift og busett i Norge
  • De må begge ha norsk fødsels- og personnummer
  • De må begge vere over 18 år
  • Svangerskapet har kome til veke 22 eller meir
  • Barnet er under 6 månadar gamalt

Slik gjer du det:

Farskap kan erklærast digitalt ved at begge foreldre identifiserer seg elektronisk på ein sikker måte og signerer ei digital erklæring.

Rettar og plikter som forelder

Eit farskap gir rettar både til barnet og faren. Og, i tillegg nokre plikter for deg som far.

Foreldreansvar er den retten og plikta foreldre har til å bestemme over barnet i personlege forhold. Foreldra skal utøve foreldreansvaret ut frå barnets behov og interesser. Den eller dei som har foreldreansvar, er også verjer for barnet.

For barn som vert født etter 1. januar 2020 får mor og far felles foreldreansvar. Dette gjeld barn som har

Dersom mor ønsker å ha foreldreansvaret åleine må ho melde frå til Folkeregisteret om det innan eitt år frå den dagen farskapet er fastsett. Om far er ueinig i dette, og ønsker foreldreansvar, må han sjølv ta saka til domstolen.

Dersom far ikkje ønsker å ha foreldreansvar må han melde frå til Folkeregisteret om det innan eitt år frå den dagen farskapet er fastsett.

Foreldre med foreldreansvar kan velje namn til barnet. Dei må sende melding om namnet til Folkeregisteret (skatteetaten.no).

Dersom foreldra ikkje gir melding om etternamn innan 6 månadar etter at barnet er født, får barnet automatisk etternamnet til mora.

Når farskapet er gyldig fastsett, har barnet arverett etter far.

Barn har rett til samvær med begge foreldra når dei ikkje bur saman. Foreldra har eit gjensidig ansvar for at samværsretten til barnet blir oppfylt.

Dersom foreldra ikkje blir einige, kan dei ta saka inn for retten.

Barn har rett til å bli forsørga av begge foreldra, også når foreldra ikkje bur saman. Retten gjeld til og med den månaden barnet fyller 18 år. Etter fylte 18 år kan barnet ha rett til å bli forsørga gjennom vidaregåande opplæring.

Innsyn og tausheitsplikt

Mor og oppgitt far har innsyn i felles sak. Er du oppgitt som far har du rett til å vite namnet til mor og barn, samt barnets fødselsdato. Du har også rett til å vite om det er oppgitt fleire moglege fedrar, men ikkje kven som er oppgitt.

Barnet kan be om innsyn i sin eigen sak etter fylte 18 år.

Du har tausheitsplikt om alle opplysningane du får i farskapssaka.

Oppdatert 20.08.2025