Av Jorunn Furuberg

I 2016 gjekk 687 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte årsverka svarer til 19,4 prosent av folkemengda i alderen 16 – 67 år. Dette kjem fram ved å estimera kor lenge og kor mykje alle i alderen 16 – 67 år var utan ordinært arbeid på grunn av helseproblem eller arbeidsløyse. Om lag 13 500 fleire årsverk gjekk tapt i 2016 samanlikna med 2015, og rekna i prosent av folkemengda auka tapte årsvek med 0,2 prosentpoeng. Medan talet på tapte årsverk auka med 13 500 frå 2015 til 2016, har folkemengda i alderen 16 – 67 år auka med om lag 21 700 personar. Om folkemengda ikkje hadde endra seg frå 2015 til 2016, ville talet på tapte årsverk ha auka med 8 500.

I overkant av 1,56 millionar personar står bak dei 687 000 tapte årsverka. Bak kvart tapte årsverk står det i gjennomsnitt 2,3 personar. Dette viser at det er gjennomstrøyming i dei ulike ordningane. Gjennomstrøyminga er høgast innan sjukefråvær med 8,0 personar bak kvart tapte årsverk, og lågast innan uføretrygd med 1,2 personar.