Av Oddbjørn Haga og Ole Christian Lien

Mange fleire kombinerer arbeid og pensjon enn for nokre år sida, og det er ofte ikkje samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. NAV publiserer difor indikatorar for både pensjoneringsåtferd og sysselsetjing blant seniorar.

Forventa yrkesaktivitet etter 50 år er ein indikator for å måla talet på årsverk folk kan vente å vera i arbeid etter fylte 50 år. Målet baserer seg på yrkesaktiviteten i einskilde år og er ikkje betinga på at ein var i arbeid ved 50 år. Ein 50-åring kunne i 2016 forventa å vera yrkesaktiv i ytterlegare 11,8 år på fulltid. Dette er ein auke på 0,1 år frå 2015 og 2,2 år frå 2001. Auken i levealder ved 50 år etter 2001 er til samanlikning 2,7 år, og viser at folk over 50 år har teke ut det meste av auken i forventa levealder i form av auka yrkesaktivitet.

Yrkesaktiviteten for dei over 50 år er no den høgaste den har vore i tida etter 2000, og sannsynlegvis den høgaste nokosinne. I IA-avtala er eit av måla at forventa yrkesaktivitet etter 50 år skal forlengjast med tolv månader frå 2009 til 2018. Auken til og med 2016 er om lag elleve månader. Målet vil bli nådd i 2018 med god margin dersom yrkesaktiviteten aukar i same takt som i perioden 2009–2016.

Gjennomsnittleg avgangsalder er eit mål på gjennomsnittsalderen for avgang frå arbeidslivet for dei som trer ut etter 50 år. Gjennomsnittleg avgangsalder var 65,8 år i 2016. Det er ein auke på 2,1 år frå 2001. Talet er høgare enn kva forventa yrkesaktivitet etter 50 år tilseier, fordi gjennomsnittleg avgangsalder er betinga på at ein var i arbeid fram til 50 år, og heller ikkje skil mellom heiltids- og deltidsarbeid.

Forventa pensjoneringsalder ved 50 år er eit mål på når folk som ikkje var pensjonert ved 50 år, i gjennomsnitt tek ut alderspensjon, uføretrygd eller AFP. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år var i 2016 62,8 år. Det er uendra frå 2015 og 0,9 år lågare enn i 2010. Langt fleire arbeidde samstundes med at dei tok ut pensjonen i 2016 enn før pensjonsreforma i 2010.