Utdanning, sysselsetjing og tidlegpensjonering - seniorar
Arbeid og Velferd nr. 4-2009
Av Jorunn Furuberg
Artikkelen gir eit oversyn over korleis sysselsetjing, uføretrygd og uttak av avtalefesta pensjon (AFP) varierer etter utdanningsnivå og type utdanning blant dei som var i aldersgruppa 62-66 år i åra 2002 og 2006.
Generelt er det slik at sysselsettingsprosenten aukar med aukande utdanning. Likevel er det skilnader i sysselsettingsprosenten blant personar med ulik type utdanning på same nivå. Vi ser mellom anna på om det er einskilde typar utdanning som skil seg ut med særskilt høgt eller lågt sysselsetjingsnivå. Det er også fleire uføretrygda blant dei med lågare utdanning enn blant dei med høgare utdanning. Er det nokre utdanningar som skil seg ut frå dette mønsteret? Er det slik at prosentdelen AFP-mottakarar varierer med utdanningsnivå? Og er det einskilde utdanningstypar som skil seg ut med høg eller låg prosentdel AFP-mottakarar?