Unge som blir arbeidslause
Arbeid og velferd nr. 1-2012
Av Jorunn Furuberg
Vi veit at konjunkturtilhøva i den tida ein etablerer seg på arbeidsmarknaden har mykje å seia for overgang mellom utdanning og arbeid og for korleis det går med folk vidare i arbeidslivet. I denne artikkelen ser vi på kjenneteikn ved ungdom som blei arbeidslause under ein oppgangskonjunktur og to nedgangskonjunkturar, og ser kva som skjer med dei i perioden dei står som arbeidssøkjarar hos NAV, slik som deltaking i tiltak, kor lenge dei er arbeidslause, og i kor stor grad dei mottar økonomiske ytingar frå NAV. Det vil komma ein artikkel seinare som ser på kva som skjer med ungdommane etter avslutta arbeidssøkjarperiode.