Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring
Arbeid og Velferd nr. 1-2008
Av Jorunn Furuberg
Artikkelen ser på kor mange av dei som avslutta attføring i åra 1999 til 2002 som kjem tilbake for ein nye periode som yrkesvalhemma i løpet av dei første fem åra etter avgang. I tillegg ser vi på overgang til arbeid og til ulike trygdeytingar i løpet av dei første tre åra etter avgang.
Resultata viser at mange kjem tilbake for ein nye periode med attføring, særleg er det mange av dei unge som kjem tilbake. Dei som kjem tilbake, gjer dette i løpet av kort tid etter at dei hadde avgang. Mange har vore i ordinært arbeid i mellomtida, og mange har vore under rehabilitering. Resultata indikerer at mange av dei som kjem tilbake er unge i randsona av arbeidsmarknaden, og at ein er villig til å satsa mykje for å unngå varige trygdeorningar for denne gruppa.