Hjelpemiddelbehov i framtida
Arbeid og velferd nr. 2-2013
Av Sigurd Gjerde
Hjelpemiddelsentralane har ansvar for formidling av hjelpemiddel, utstyr og tenester etter brukarane sine behov, og dei har forvaltningsansvar for ein svært stor og mangfaldig hjelpemiddelpark. Denne artikkelen er ei oppdatering og vidareføring av en artikkelen i Arbeid og velferd nr. 2-2007. Den skisserte korleis talet på brukarar ved hjelpemiddelsentralane vil kunne utvikle seg fram mot 2030. Vi vil her utvide horisonten heilt fram til 2060. Det blir nytta nye og oppdaterte befolkningsframskrivingar, og det blir teke omsyn til endringar som har skjedd på hjelpemiddelområdet, i regelverket og i administrative ordningar.