Av Oddbjørn Haga og Ole Christian Lien

Stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, og det er ikkje lenger fullt samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. NAV publiserer difor indikatorar for både pensjoneringsåtferd og sysselsetjing.

Forventa yrkesaktivitet er ein indikator for å måla lengda på yrkeskarrierar basert på yrkesaktiviteten i einskilde år. Ein 50-åring kunne i 2014 forventa å vera yrkesaktiv i 11,6 år til. Dette er ein auke på 0,3 år frå 2013 og 2,0 år frå 2001. På grunn av omlegging av datakjelda for yrkesaktivitet (Aa-registeret) kan vi ikkje rekna ut forventa yrkesaktivitet eksakt for 2015, men eit overslag tyder på at den er uforandra frå 2014.

Yrkesaktiviteten for dei over 50 år er no den høgaste den har vore i tida etter 2000, og sannsynlegvis den høgaste nokosinne. I IA-avtala er eit av måla at forventa yrkesaktivitet ved 50 år skal forlengjast med tolv månader frå 2009 til 2018. Auken til og med 2015 er om lag åtte månader. Målet vil akkurat bli nådd i 2018 dersom yrkesaktiviteten aukar i same takt som i perioden 2009–2015.

Det var ein stor nedgang i forventa pensjoneringsalder frå 2010 til 2011. Dette kom i hovudsak av at fleksibel alderspensjon trådde i kraft i 2011 med høve til å ta ut alderspensjon frå 62 år. Sidan har det vore ein viss auke. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år var i 2015 62,8 år. Det er 0,9 år lågare enn i 2010. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 18 år i 2015 var 58,9 år, ein nedgang med 1,9 år frå 2010. Langt fleire arbeidde samstundes med at dei tok ut pensjonen i 2015 enn i 2010.