Forventa pensjoneringsalder og yrkesaktivitet
Arbeid og velferd nr.2-2014
Av Oddbjørn Haga
Stadig fleire kombinerer arbeid og pensjon, og det er ikkje lenger fullt samsvar mellom når folk tek ut pensjon og når dei sluttar i arbeid. Artikkelen presenterer indikatorar for begge desse måla: forventa pensjoneringsalder og forventa yrkesaktivitet. I IA-avtala for 2010 til 2013 var ei av målsetjingane at gjennomsnittleg forventa yrkesaktivitet etter 50 år skulle forlengast med 6 månader. Artikkelen gjev blant anna svar på om vi har nådd dette målet.