Av Oddbjørn Haga

Talet på alderspensjonistar som bur i utlandet har auka mykje dei siste åra. I 1990 var dei færre enn 6 000, i  2007 var dei om lag 27 000 . Talet veks jamt med knapt 1 500 i året.  I denne artikkelen ser vi på kva som kjenneteiknar desse pensjonistane. Er dette nordmenn som flyttar til utlandet når dei blir pensjonistar, eller er det folk som har arbeidd i Noreg i nokre år, og så flytta attende til heimlandet?