Våre jobbspesialistar gir tett oppfølging av både deltakarar og arbeidsgivarar. Jobbspesialistane jobbar med utgangspunkt i tilnærmingsmetoden Individual placement and support (IPS). Denne metoden inneber hyppig og individuelt tilpassa oppfølging, også etter at deltakarane har byrja i jobb.

Kven kan få tilbodet?

  • Under 35 år
  • Mottek uføretrygd
  • Bur i Bergen, Øygarden eller Askøy kommune
  • Ynskjer ordinært løna arbeid

Kva består tilbodet av?

Tilbodet gir individuell jobbstøtte til deg som er i målgruppa, og oppfølging av aktuelle arbeidsgivarar. Individual placement and support (IPS) er ein oppfølgingsmetode utvikla i USA og blir no brukt internasjonalt i stadig større grad. Individuell jobbstøtte tek utgangspunkt i din motivasjon, ynskje og kompetanse.

Slik jobbar vi:

  • Vi finn din karriereveg gjennom å utforske og identifisere dine interesser, ressursar og kompetanse
  • Vi hjelper deg til å orientere deg innanfor økonomiske spørsmål
  • Saman finn vi ein arbeidsgivar som passar deg
  • Vi er fleksible og gir tilpassa oppfølging til både deg og arbeidsgivar, og hjelper dykk å finne gode løysingar på arbeidsstaden

Kvar finn du tilbodet?

#syktbrajobb er etablert i Bergen. Er du ung, uføretrygda, bur i Bergen, Øygarden eller Askøy og har lyst på jobb? Då kan du ta kontakt med våre jobbspesialistar direkte for å få meir informasjon. Ring oss på telefonnummer 407 68 506.