Senter for jobbmestring
Dette er et tilbod til deg med angst og/eller depresjon, og som vil ha hjelp til å handtere det i ein jobbsamanheng.
Kven kan få tilbodet?
Du som
- har lett til moderat angst og/eller depresjon som hinder for arbeid
- er utan arbeidsforhold eller har eit arbeidsforhold du ikkje kan eller ønskjer å gå attende til
- Har eit arbeidsforhold du er sjukmeldt frå, eller i står i fare for å bli sjukmeldt frå
- ønskjer bistand til raskt å kome i arbeid
Kva består tilbodet av?
Målet er å hjelpe deg å meistre dei psykiske plagene, kome raskt i arbeid og klare å mesitre jobben over tid. Senter for jobbmestring tilbyr arbeidsretta kognitiv terapi kombinert med individuell jobbstøtte. Den kognitive terapeuten vil hjelpe deg til å handtere og meistre dei psykiske helseplagene i jobbsamanheng, medan jobbspesialisten kan hjelpe med jobbsøk, karriererettleiing og/eller oppfølging på arbeidsplassen.
Tilbodet ved Senter for Jobbmestring er basert på kognitiv terapi. Metoden tar utgangspunkt i korleis tankane våre verkar inn på korleis vi føler oss og korleis vi handlar i jobbsamanheng. Du lærer å utforske, og etterkvart, utfordre negative tankemønstre som kan være knytt til angst og depresjon. Det er lagt opp til eit teitt samarbeid mellom deg, terapeut og jobbspesialist.
Arbeidsretta kognitiv terapi blir gitt av psykologar og anna personell med helse-/sosialfagleg utdanning, som har vidareutdanning i kognitiv terapi. Den individuelle jobbstøtta blir gitt av personell med god kjennskap til karriererettleiing og lokal arbeidsmarknad. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis.
Senter for jobbmestring er ei teneste frå Nav arbeid og helse Vestland.
Tilvising til Senter for jobbmestring
Det er Nav som kan tilvise til Senter for jobbmestring.
Frå 1. februar 2026 har vi ny rutine for tilvising og tek ikkje lenger imot direkte tilvising frå fastlegar. Alle tilvisingar til Senter for jobbmestring skal sendast frå Nav. Andre tilvisingar vil bli sendt i retur.
Sjå under Relatert innhald på denne sida for meir informasjon til deg som skal tilvise.
Kontaktinformasjon Senter for jobbmestring Bergen
Marianne Misje, teamleiar, Marianne.misje@nav.no
For meir informasjon, sjå under Relatert innhald.
Vær vennleg å ikkje skriv sensitive personopplysingar på e-post.