Kameraovervaking ved Nav Kinn
Vi har kameraovervaking ved Nav Kinn. Dette har vi for å sikre våre besøkande og tilsette, verne om liv, helse og andre driftskritiske og materielle verdiar.
Overvakinga handlar om tryggleik og har ingen konsekvensar for saksbehandlinga. Kamera er sett opp i tråd med lover og reglar for kameraovervaking og personvern.
Det betyr at overvakinga er avgrensa til det som er nødvendig for å sikre formålet om å ivareta tryggleiken ved Nav-kontoret. Det blir ikkje gjort opptak eller overført lyd, men det blir overført direktebilete til skjerm.
Du kan vere trygg på at område som blir overvaka i Nav-kontoret er tydeleg merka. Det er ingen kameraovervaking i samtaleromma.
Du har rett til å protestere mot kameraovervakinga, men dersom du motset deg overvakinga, kan du ikkje ha fysiske møte ved Nav Kinn.
Lovgrunnlaget for overvaking er rettmessig interesse ut frå tryggleikshensyn, etter EUs personvernforordning (GDPR) artikkel 6(1) f. Vi har gjort personvernvurderingar slik vi er pålagde, og dokumentert avvegingar av interesser.
Vi har kome fram til at Nav sitt behov for å sikre besøkande, tilsette og eigedom veg tyngre enn omsynet til personvernet til dei som oppheld seg i det overvaka området på vårt kontor.
Kameraovervaking blir gjort så omsynsfullt som mogleg. Vi har gjort tiltak for at ingen uvedkomande skal sjå skjermbilete. Vi håpar våre besøkande opplever det som trygt at vi har god oversikt i Nav-kontoret.
Les meir om dine rettar:
På desse nettsidene finn du òg kontaktinformasjon til personvernombod og behandlingsansvarlege.
Vennleg helsing
Nav Kinn